Snøskredkurs i Jostedalen

Kurs

Fra dato
1. februar kl. 09:00
Til dato
3. februar
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

DATO: 1.- 3. februar
PRIS: 3600,- / ung 3100,- medlem/3900,-/ ung 3500,- ikkje-medlem
STAD: Jostedalen Camping og fjellområda i Jostedalen
KURSLEIAR: Jostein Aasen, Norgesguidene

Kurset:

Deltakarane møter fredag 1. februar kl.10.00 på Jostedalen Camping, Jostedalen, der kursleiar møter deg. Det er 60 km frå Sogndal til Jostedal camping, dvs i underkant av ein time å køyre. Føl fylkesveg 55 frå Sogndal i retning Gaupne/Sognefjellet

Ta av i Gaupne i retning Jostedal på fylkesveg 604. Campingen ligg på Gjerde rett i nærleiken av butikken og hotellet. Sjå: https://www.jostedalcamping.no/

Etter krav frå DNT og Norsk fjellforum må kurset gå over 3 dagar, dette for å få
NF- godkjenning. Difor start kurs fredag morgon kl. 10.00. Kursleiarar: Jostein Aasen.

Lokale og  mat:

Vi har ordna god hytteovernatting på Jostedalen Camping. Her er det sengeplassar til 6 deltakarar i kvar hytte i oppreidd seng. Utvask hytte ligg i kursavgifta.

Når det gjeld mat, tek deltakarane med seg all mat sjølve og kan gjerne laga felles middag. Brødmat til lunsj og frukost må du også kjøpe inn på førehand. Hugs niste fredagen.

Ta med handkle m.m. og det du treng for overnatting. Sjå også utstyrsliste i Norgesguidene sitt skriv. Hyttene er vinterisolerte med bad og elles alt ein treng.

Undervisninga blir i eit fellesrom der ein også kan ha felles matlaging om ein vil.

Prisar:

Kursavgift + logi: Vaksne medlem (DNT) kr. 3600, ung kr. 3100 og  ikkje medlem kr. 3900.                              

Betal avgift til SFT konto 3705 03 32455 og bindande påmelding til sft@dnt.no.
Merk innbetaling «Skredkurs 2019».

Er noko uklart  ta gjerne kontakt med Sogn og Fjordane Turlag

v/ Astrid  tlf. 57 72 06 14

 

Snøskredkurs i Jostedalen

DATO: 1.- 3. februar PRIS: 3600,- / ung 3100,- medlem/3900,-/ ung 3500,- ikkje-medlem STAD: Jostedalen Camping og fjellområda i Jostedalen KURSLEIAR: Jostein Aasen, Norgesguidene Kurset: Deltakarane møter fredag 1. februar kl.10.00 ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 57 72 06 14
  • E-post: sft@dnt.no