Ambassadør/ Grunnleggjande turleiarkurs

Kurs

Fra dato
10. mai kl. 08:00
Til dato
12. mai
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

DATO: 10.-12. mai
PRIS: kr. 1500 medlem/ kr. 1800 ikkje-medlem
STAD: Sørsida av Sognefjorden
KURSLEIAR: Roy Raasholm Fauske/Vigdis Flaten Kvamme

Turleiarkurs, Ambassadør og Grunnleggjande, Sylvarnes 10.-12. mai 2019

Stad: Sylvarnes, Vik kommune

Kursleiarar: Roy Raasholm Fauske og Vigdis Flaten Kvamme

Tidspunkt:

Kurset tek til fredag kveld ca kl. 19.00 (så snart alle deltakarane er på plass). Avslutning søndag ettermiddag tidsnok til at vi er klare til båtavgangen kl. 17.55.

Reisa:

Fredag ettermiddag avgang med rutebåt frå Nordeide klokka 17.15, frå Ortnevik klokka 17.35. Båten er framme på Sylvarnes klokka 17.55.

Søndag ettermiddag er det retur frå Sylvarnes klokka 17.55 til Vik der båten er framme klokka 18.30. Deretter går båten til Ortnevik, der den er framme klokka 19.20. Ankomst Nordeide klokka 19.45.

Deltakarane betalar sjølve båtbilletten. Båten har betalingsterminal. Det er ikkje naudsynt å reservere plass.

Matservering:

Ta med brødmat til frukost og niste for to dagar. Ta elles med det du treng (drikke/frukt) for tur laurdag og søndag. Servering fredag kveld og middag laurdag kveld blir enkle, varme fellesmåltid med råvarer kjøpt inn av kursarrangør. I tillegg har arrangør med kaffi og te.

Det er berre eit lite kjøleskåp med begrensa kapasitet på hytta, så fint om alle tek med mat/pålegg som nødvendigvis ikkje treng oppbevarast i kjøleskåp.

På grunn av begrensa kapasitet på kjøkkenet vil middagane fredag kveld og laurdag kveld verte av det litt enklare slaget, henta frå «menyen» de finn på sjølvbetjente DNT-hytter.

Overnatting:

Overnatting på utbetjent hytte på Sylvarnes (gamalt skulehus). Ta med lakenpose evt sovepose. Det er dyner og puter på hytta. Det tek ca 10 min. å gå på gardsveg frå kaien og opp til hytta.

Hytta har toalett og innlagt vatn og straum. Det er ikkje dusj på hytta.

 

Sjå omtale av hytta på ut.no: https://ut.no/hytte/1046/sylvarnes

Litteratur:

DNT si bok «Turlederboka». Denne vert å få kjøpt på kurset. Pris kr.198 for medlemer.

Utstyr klede m.m. (grunnleggjande kurs)

Turklede, fjellsko og ryggsekk. Regnklede er godt å ha på lur.

Også varme ullklede, vottar og huve kan bli bruk for.

Toalettsaker og handkle.

Innesko.

Drikkeflaske/turkopp/Termos

Kart: Turkart Høyanger aust 1:50 000 frå Nordeca eller Turkart Vik 1:50 000, utgjeve av Vik Turlag og Vik kommune. Du kan og kjøpe kart på kurset.

Kompass, helst 360 grader. (har kompass til låns).

Skrivesaker

Ta også med hovudlykt/lykt

 

Turområde: Vestover langs fjorden frå Sylvarnes mot Vetlesand og Sylvarnesstølen.

 

Kursavgift.                                                                                                                                                              

Kursavgift kr. 1.500 medlem, kr.  1800 ikkje medlem, inkl. matservering (fredag og laurdag kveld), overnatting og sjølve kurset. Vel møtt til hyggjeleg og lærerikt kurs.

 

Arrangør: Kurs- og Fjellsport, Sogn og Fjordane Turlag

Med helsing Astrid Kalstveit, tlf. 57 72 06 14 (mob. 918 07 899)

 

 

 

Ambassadør/ Grunnleggjande turleiarkurs

DATO: 10.-12. mai PRIS: kr. 1500 medlem/ kr. 1800 ikkje-medlem STAD: Sørsida av Sognefjorden KURSLEIAR: Roy Raasholm Fauske/Vigdis Flaten Kvamme Turleiarkurs, Ambassadør og Grunnleggjande, Sylvarnes 10.-12. mai 2019 Stad: Sylvarnes, ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 57 72 06 14
  • E-post: sft@dnt.no