Kurs avlyst grunna få påmelde. Vert sett opp nytt kurs vår 2020. Ambassadør/Grunnleggjande turleiarkurs

Kurs

Fra dato
13. september kl. 18:00
Til dato
15. september
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

DATO: 13.-15. september
PRIS: kr. 1800,- medlem/ kr. 2000,- ikkje-medlem. Ungdom: kr.1500,- medlem/ kr.1700,- ikkje-medlem
STAD: Stardalen Hyttegrend og fjellområda i Stardalen
KURSLEIAR: Vigdis Flaten Kvamme og Rune Valsvik

Tidspunkt:

Kurset tek til fredag kveld kl. 18.00. Avslutning søndag kl. 16.00. Møt opp seinast kl.17.45 fredag og finn deg plass på hyttene.

Reisa:

Kjør til Skei og vidare til Klakegg (visst du kjem frå sør) og ta av vegen inn til Stardalen (skilt). Kjør ca 6 km. inn dalen og sjå etter den nedlagde butikken. Ta til høgre, over ei bru og etter ca 500 m. sjå etter treskilt på venstre side ”Stardalen hyttegrend”, rett etter glattkjøringsbana.

Matservering:

Ta med brødmat til frukost og niste for to dagar. Ta elles med det du treng (drikke/frukt) for tur laurdag og søndag. Servering fredag kveld.

Middag laurdag kveld blir fellesmåltid og råvarer kjøpt inn av kursarrangør.

Overnatting:

Overnatting på Stardalen hyttegrend. Ta med lakenpose, sengeklede eller sovepose (dyner og puter på hyttene).

Litteratur:

DNT si bok ”Turlederboka”. Denne vert å få kjøpt på kurset. Pris kr.198 for medlemer/ kr. 230 i. medlem.

Utstyr klede m.m. (grunnleggjande kurs)

  • Turklede, fjellsko og ryggsekk. Regnklede er godt å ha på lur.
  • Også varme ullklede, vottar og huve kan bli bruk for.
  • Toalettsaker og handkle.
  • Innesko.
  • Drikkeflaske/turkopp/termos
  • Kart: Jostedalsbreen, Norge-serien 10063 Du kan kjøpe kartet på kurset og kosta kr. 195 (medlem).
  • Kompass, helst 360 grader og blyant.
  • Ta også med hovudlykt/ lykt

Kva får du?

Kursavgifta inkluderer matservering (fredag og laurdag kveld), overnatting og sjølve kurset.

 

Modul 1- DNT ambassadør

Hovudtema: Presentasjon av DNT og turleiarkurset

Tid: 3 timar

  • Organisasjonen DNT
  • Føremål og strategi
  • DNT sitt landsstyre/administrasjon
  • Medlemsforeininga sine hovudmål, aktivitet
  • DNT sin utdanningsstige
  • Bruk av turlagshytter
  • Friluftslova – Allemannsretten

 

Modul 2- Grunnleggjande turleiar

Hovudtema: Orientering og formidling

Tid: 2 dagar

  •  Turleiarrolla – Formidling
  •  Detaljorientering
  •  Tema:
    • Kler, utstyr, mat og drikke
    • Turplanlegging
    • Kartkunnskap
    • Turglede og motivasjon av deltakarar
  •  Evaluering av deltakarane

Kurs avlyst grunna få påmelde. Vert sett opp nytt kurs vår 2020. Ambassadør/Grunnleggjande turleiarkurs

DATO: 13.-15. september PRIS: kr. 1800,- medlem/ kr. 2000,- ikkje-medlem. Ungdom: kr.1500,- medlem/ kr.1700,- ikkje-medlem STAD: Stardalen Hyttegrend og fjellområda i Stardalen KURSLEIAR: Vigdis Flaten Kvamme og Rune Valsvik Tidspunkt: ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 57 72 06 14
  • E-post: sft@dnt.no