Basecamp Vinter på Fivla

Arrangement

Fra dato
13. april kl. 11:15
Til dato
16. april kl. 16:00
Passer spesielt for
Ungdom
Turtyper
Arrangement, Basecamp, Topptur, Hyttetur, Vintertur,
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, DNT ung Sogn og Fjordane
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Er du mellom 15-18 år? Gira på å starte påskeferien på Basecamp med ski på beina og hytteliv på Fivla i snørike Vigdalen i Sogn?

DNT Ung Sogn og Fjordane arrangerer Basecamp Vinter  13.-16.april på Fivlehyttene som tilhøyrer Luster Turlag. 

Meld deg på, enten saman med ein ven eller åleine. I løpet av dagane på Basecamp har du garantert fått nye turvener.

Ikkje medlem i DNT? Det kostar kr 215 for skuleungdom (13-18 år).-, og du kan melde deg inn her: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/?

Nyfiken på kor Fivlehyttene ligg og korleis dei ser ut? Hyttene ligg i DNT sitt rutenett mellom Vigdalsstølen og Navarsete på 1000 moh. Sjå her: https://ut.no/hytte/8655149a-4fcb-43c8-b268-d8eebc244afb/fivla

Kva skjer der? Det vert topptur, miniskredkurs med instruktørar frå Norgesguidane, trening i frikøyringsteknikk,mat og myskje moro på hyttene!

 

Program
Dag 1 - Laurdag 13.april

Møt opp kl.11.15 for fellestransport frå Pyramiden i Gaupne sentrum, Luster. Rundt kl. 12 startar me å gå frå p-plassen i Vigdalen og opp til hyttene. Vel fremme på Fivlehyttene har me god tid til å installere oss på hyttene og bli litt kjend. leirleiarane har laga nokre aktivitetar. På kvelden lagar me felles middag, og hygger oss.

Dag 2 - Sundag 14.april

I dag har me eit dagskurs skred med instruktør frå Norgesguidene. Det vert teori inne på hytta fyrst, før me går ut etterpå med sekk og pakka niste klare for skredaktivitetar. På ettermiddag/ kveld vert det ulike aktivitetar ved leirleiarane, samt sosialt og felles matlaging.       

Dag 3 -  Måndag 15.april

Dette er dagen for å teste skia. Det vert bratt- og frikøyring med instruktør. På ettermiddag/ kveld vert det ulike aktivitetar ved leirleiarane, samt sosialt og felles matlaging.

Dag 4 - Tysdag 16.april

Før me drar heim att må me prøve oss på ein topptur for å ta i bruk det me har lært dei siste dagane. Me tar sikte på ein topptur til Fivlenosi (1468 moh.) saman med leirleiarane. Det vert heilt sikkert mogleg å dele opp turen i ulike lengde, for dei som ikkje har vore så mykje på tur før. Kl. 13 vert det vask av hyttene og pakking, og kl.15 startar me på heimturen ned til p-plassen, der me tar sikte på å vere kl.16.

Når deltakarane kjem på hyttene, vil dei få eit meir detaljert program, med tider for vekking, lunsj, aktivitetar, middag osv.

 

Generell informasjon
Alle deltek på fellesaktivitetane. Det vert 3 leirleiarar som er til stades under heile campen. I tillegg vil det vere instruktørar til dei ulike aktivitetane.

Kva treng eg med? Skiutstyr eller splitboard for topptur, samt skredutstyr (sendar/ mottakar, spade og søkjestong). Eit brev med informasjon vert sendt ut til alle deltakarane i forkant av BaseCamp med naudsynt informasjon, samt pakkeliste. 

Utstyrutlån. Har du ikkje skiutstyr eller skredutstyr? Ta kontakt, som medlem kan du låne randoneeski, sko, stavar, feller, hjelm, sendar/ mottakar, søkjestong og spade gratis frå Sogn og Fjordane Turlag.
 
Sjukdom, allergi mm.
 Er det nokon som har ein sjukdom, allergi eller andre høve som vi bør vere kjende med, ver bra og gje beskjed om dette på førehand.

Hyttene. Alle søv på hytter. Me brukar den øvste hytta til sosialt samvær og felles måltid. Det er ingen mobildekning på hytta, men det er dekning i nærleiken.

Tryggleik. Det vert gjort risikovurdering av området og aktivitetane på førehand. Det er viktig at deltakarane rettar seg etter dei instruksane som vert gjeve med omsyn til dette. Me har sjølvsagt førstehjelpsutstyr.

Mat. All mat vert kjøpt inn felles. Me lagar oss lunsjpakkar, som vi et midt på dagen. På kvelden lagar me felles middag på begge hyttene. Me set opp meny for middag på førehand. Me stillar med bestikk, fat og kopp.

Sanitære forhold. Drikkevatn vert frakta opp, men i tillegg må ein smelte snø og koke på gasskomfyr. Snø må også tinast til all vask. Om mildvêr kan det vere råd å finne vatn ute. Det er utedo på begge hyttene i kort avstand.

Anna: Vi tilrår at deltakarane har reiseforsikring.

Basecamp Vinter på Fivla

Er du mellom 15-18 år? Gira på å starte påskeferien på Basecamp med ski på beina og hytteliv på Fivla i snørike Vigdalen i Sogn? DNT Ung Sogn og Fjordane ...

Kontaktinformasjon: