Basecamp Sommar på Tungestølen

Arrangement

Fra dato
24. juni kl. 18:00
Til dato
28. juni
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, DNT ung Sogn og Fjordane
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Er du mellom 13 og 16år og ynskjer ei utfordring? Då er BaseCamp Sommar noko for deg! På ei lita veke får du prøvd mellom anna brevandring, uteklatring, kajakkpadling og fotturar. Det er både lærerikt, utfordrande og sosialt!

DNT Ung Sogn og Fjordane arrangerer BaseCamp Sommar på Tungestølen 24.-28.juni.

Meld deg på, enten saman med ein ven eller åleine. I løpet av dagane på Basecamp har du garantert fått nye turvener.

Kva er BaseCamp Sommar? På BaseCamp Sommar får du testa ut mange ulike og spennande aktivitetar på ei lita veke. Dette kan vere alt frå klatring, kajakk, bretur og fotturar, samt teltliv og koselege kveldar rundt bålet. BaseCamp er fyrst og fremst utroleg sosialt, og du vil garantert bli kjend med mange andre ungdomar på same alder. Det vert ikkje sett spesielle krav til ferdigheiter eller forkunnskap om friluftsliv. Under BaseCamp har me ein fast leirstad der me søv i lavvo, og syter sjølv for matlaging. Program kjem etter kvart!

Nyfiken på kor Tungestølen er? Tungestølen ligg i Austerdalen i den sørlege delen av Jostedalsbreen i Luster Kommune mellom bratte fjell og brearmar. Sjå her: https://ut.no/hytte/10976/tungestlen

Følg fv. 337 inn frå Hafslo. Køyreveg heilt fram til campområdet. Køyr fram til bommen som er inst i dalen (bompeng kroner 50), og hald fram på grusveg ca. 2-3km. Samla køyretid frå Sogndal til Tungestølen er ca. 1t 25min.

Ikkje medlem i DNT? Det kostar kr 215 for skuleungdom (13-18 år).-, og du kan melde deg inn her: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/?

Generell informasjon

Aktivitetane vil gå føre seg i gangavstand frå campen. Alle deltek på fellesaktivitetane. Det vert fleire leirleiarar, som er tilstades under heile campen. I tillegg vil det vere instruktørar og hjelparar til dei ulike aktivitetane. Desse personane vil variere ut ifrå aktiviteten. Det er ikkje mobildekning i området. 

Kva treng eg ha med? Eit brev med informasjon vert sendt ut til alle deltakarane i forkant av BaseCamp med naudsynt informasjon, samt pakkeliste. Me stiller med spesialutstyr til aktivitetane, samt bestikk, kopp og fat.

Leirplass. Alle søv i lavvoar. I tillegg er det ein stor lavvo som vil bli brukt til felles samlingsplass, felles måltid og sosialt samvær.

Tryggleik. Det vert gjort risikovurdering av området og aktivitetane på førehand. Det er viktig at deltakarane rettar seg etter dei instruksane som vert gjeve med omsyn til dette. Me har sjølvsagt førstehjelpsutstyr.

Mat. All mat vert kjøpt inn felles. Frukost et me i leiren. Me lagar oss lunsjpakkar, som me et midt på dagen. På kvelden lagar me felles middag på grill, kokeapparat eller steinomn. Me set opp meny for middag på førehand. Mat som treng kjøling vert oppbevart i kjøleskap.

Sanitære forhold. Drikkevatn finn me i elva. Det er utedo på campen. Elles blir det å vaske seg og pusse tenner i vatnet/elva like ved.

Anna. Me tilrår at deltakarane har reiseforsikring.

 

Velkomen til alle – me gler oss!

Basecamp Sommar på Tungestølen

Er du mellom 13 og 16år og ynskjer ei utfordring? Då er BaseCamp Sommar noko for deg! På ei lita veke får du prøvd mellom anna brevandring, uteklatring, kajakkpadling og fotturar. ...

Kontaktinformasjon: