Josten på langs 2019

Fellestur

Fra dato
23. mai kl. 08:00
Til dato
26. mai
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

DATO: 23.-26. mai
PRIS: Kr. 1300,- medlem/ kr. 1600 ikkje-medlem
KOR: Jostedalsbreen på langs
TURLEIAR/BREFØRAR: Kjell Kleiven/Per Tore Meier/Rune Valsvik

Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. Jostedalsbreen på langs, frå Jostedalen til Fjærland, er ein tre dagars tur på ski. Vi går på Noreg sitt tak med utsikt som kan ta pusten frå dei fleste. Ein tung og krevjande tur som garantert vil gje deg minner for livet.

Vi startar med busstur frå Øygard i Fjærland til Jostedalen torsdag kveld kl. 17 og første overnatting i telt ved Fåbergstølen. Fredag går vi opp langs Fåbergstølsbreen og vidare under Brenibba. Om vêr og føre tillèt det, kan det bli topptur på Brenibba (2018 moh), samt kveldstur frå teltleiren til toppen av Kjenndalskruna. 

Laurdag set vi kursen mot Høgste Breakulen (1957 moh.) Derifrå forbi Kvitekoll til Ramnane (1844 moh.) og Bings gryte der vi overnattar. Søndag går vi mot Supphellenipa (1731 moh.) med høve for ny topptur. Deretter nedover Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta. Siste etappe på turen i bratt terreng ned til Øygard, der turen starta.

Turlager syter for nødvendig sikringsutstyr. Dette blir fordelt på den enkelte turdeltakar før start. Dette er ein tung tur som krev god fysisk form. Påmelding og betaling innan 6. mai.

Josten på langs 2019

DATO: 23.-26. mai PRIS: Kr. 1300,- medlem/ kr. 1600 ikkje-medlem KOR: Jostedalsbreen på langs TURLEIAR/BREFØRAR: Kjell Kleiven/Per Tore Meier/Rune Valsvik Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 57720614
  • E-post: sft@dnt.no

Turledere:

  • Kjell Kleiven
  • Rune Valsvik
  • Per Tore Meier