Sykkeltur

Fellestur

Dato
12. mai kl. 11:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Barn
Turtyper
Fellestur, Sykkeltur, Barnastulageid
Arrangører
Barnas Turlag Eid, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!

Det er vår i lufta og bare vegar! Finn fram sykkelen og bli med oss på tur!

Lang tur: Langeland- Hjelle- Leivdalen rundt- retur til Langeland(14 km). Turstart frå LA-bygget på Langeland kl 11.00

Kort tur: Hjelle skule- Leivdalen rundt(4km).Start frå Hjelle skule kl 11.45 eller når turfølge frå Langeland er framme her. Leik i skuleområdet fram til heile gjengen samlast for å sykle vidare rundt leivdalen.

Turen går på gang-sykkelveg/ og lite traffikert veg. Asfalt heile vegen.

Felles pause ca 100 meter nord for krysset mellom vegen mot Navelsaker og vegen som går nordover til Leivdalen, i området der stien mot Vedvikenibba startar. Ta med mat, drikke og sitteunderlag.

Sjå bilde med kart.

Hugs sykkelhjelm og synlege klede. Smart og enkel førstehjelp i sekken.

VIKTIG: Foreldre/førestetter har ansvar for eigne ungar på alle barnas turlag sine turar og aktivitetar

Turen er open for alle, ein treng ikkje å vere medlem i turlaget for å delta. Velkomne!

Sykkeltur

Det er vår i lufta og bare vegar! Finn fram sykkelen og bli med oss på tur! Lang tur: Langeland- Hjelle- Leivdalen rundt- retur til Langeland(14 km). Turstart frå LA-bygget ...

Kontaktinformasjon: