Gå for naturen

Dette arrangementet er over!

Store naturområder kan gå tapt til vindkraftindustri. Politikarane må velje effektive klimatiltak som øydelegg minst mogleg natur. La oss sikre våre barn og barnebarn moglegheiten til naturopplevingar for livet. 

Sogn og Fjordane Turlag, NJFF Sogn og Fjordane, Norsk ornitologisk foreining og Naturvernforbundet i Flora arrangerer tur til Brandsøyåsen 12. mai for å ta farvel til Guleslettene som vi kjenner dei. Det enorme vindindustrianlegget som nå er under bygging vil endre landskapet for alltid. Samstundes har Olje- og energidepartementet foreslått å bygge ned det meste av det urørte norske kystlandskapet til fordel for vindkraftanlegg.

Marsjen startar ved Brandsøy kl. 19. Det vil vere appellar på toppen frå kl 20. Ta med niste og et kveldsmaten ute saman med oss denne kvelden.

Velkomen og bli med oss og gå for naturen!

Gå for naturen

Store naturområder kan gå tapt til vindkraftindustri. Politikarane må velje effektive klimatiltak som øydelegg minst mogleg natur. La oss sikre våre barn og barnebarn moglegheiten til naturopplevingar for livet.  Sogn ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 57720614
  • E-post: sft@dnt.no