Introkurs i havkajakk for alle

Kurs

Dato
13. juni kl. 17:00 - 21:00
Passer for
Alle
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, DNT ung Sogn og Fjordane , Sogndal Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogndal Turlag arrangerer Introkurs Hav i Sogndal  Kurset varer i om lag 3 timar, og vil gå føre seg både på land og på fjorden i nærleiken av Sogndal Turlag sitt naust.

Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. I løpet av kurset har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Kurset skal motivere for vidare opplæring i padling.

For meir informasjon om kurset, sjå her: http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/introkurs-hav/

Oppmøte: Møt ved naustet til Sogndal Turlag som ligg langs Fjordstien vis a vis Folkehøgskulen kl.17.

Kursleiar: Toril Mulen, mob. 45255889.

Utsyr: Ta med skifteklede (helst ull), mat (sjokolade/ nøtter som gir rask energi) og drikke. Hugs å pakke vasstett. Sogndal Turlag stiller med kajakkar og tilhøyrande utstyr, samt våtdrakter for dei som treng. Hugs difor å gi beskjed om størrelse om du treng å låne våtdrakt.

Pris: Kurset kostar kr.550 per pers for medlemar. Ikkje medlem? Det kostar kr 215 ,- for skuleungdom (13-18 år) og kr 350,- for ungdomsmedlem (19-26år). Du kan melde deg inn her: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/?

Våttkort: Introkurs Hav kvalifiserer til våttkort. Våttkortet er ikkje inkludert i prisen, og om du ynskjer våttkort kostar dette kr.100. Dei fleste utleigeaktørar krev våttkort for å låne kajakkar på eige hand. For leige av Sogndal Turlag sitt kajakkutstyr er det naudsynt med våttkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.

 

Introkurs i havkajakk for alle

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogndal Turlag arrangerer Introkurs Hav i Sogndal  Kurset varer i om lag 3 timar, og vil gå føre seg både på land og ...

Kontaktinformasjon: