Alpin Skiteknikk- Topptur

Kurs

Fra dato
7. februar 2020 kl. 16:55
Til dato
8. februar 2020 kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Kurs, Toppturkurs, Aktivitet Topptur, Jølster, Skiteknikk
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag

Sogn og Fjordane Turlag, arrangerer toppturkurs-alpint i Bjørkelia 7.-8. februar. Jølster Skisenter ligg ved snørike Vassenden i Jølster, 20 minuttar frå Førde. Kurset vil vere eit nybyrjarkurs i alpin skiteknikk med bruk av toppturutstyr. Dette kurset er for deg som likar å gå på topptur, men ynskjer å greie nedkøyringa endå betre! 

Kursleiar er tidlegare alpinist Even Hole og kurset er i samarbeid med Jølster skisenter i Bjørkelia. Det er maks 12 deltakarar på kurset, så ein vil få god oppfølging og tilpassa tips til eiga køyring.

Frammøte fredag 7. februar kl. 16.55. Program: Registrering heiskort m.m (kursavgift inkl. heiskort). Instruksjon i toppturutstyr: Hjelm, ski, binding, sko, ryggsekk og klede. Bakkekøyring og informasjon og trening på grunnleggjande alpin skiteknikk.

Laurdag 8. februar, dagen startar kl. 10.00 i skiheisen. Program: Skikøyring med instruksjon,  fokus på parallellsving, carving, balanse og tyngdeoverføring, terrengval og val av underlag. Instruksjonen avsluttast kl 15.00, men heisen går til kl 16.30- om du vil vere lenger i bakken!

Sogn og Fjordane Turlag har ski, sko, stavar og hjelmar til gratis utlån.

PRIS: kr. 1700,- medlem (ung 1200,-)/ kr. 2000,- ikkje-medlem (ung 1500,-)
STAD: Jølster Skisenter, Bjørkelia, Vassenden
KURSLEIAR: Even Hole

Ta kontakt om det er noko du lurer på! 

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 482 36 615
  • E-post: sft@dnt.no