Avlyst Ambassadør/ Grunnleggjande turleiar

Kurs

Fra dato
28. august kl. 18:00
Til dato
30. august
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Ny dato 11.-13. september

DATO: 11.-13. september
PRIS: kr. 1800 medlem/ kr. 2000 ikkje-medlem
STAD: Hardbakke, Solund
KURSLEIAR: Roy Raasholm Fauske/Rune Valsvik

Tidspunkt:

Kurset tek til fredag kveld kl. 18.00. Avslutning søndag kl. 14.30

Fredag ferje frå Rysjedalsvika kl 16.25 og frå Rutledal kl. 16.50. Retur søndag med ferje frå Krakhella klokka 15.20.

Reisa:

Ferjerute for Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella finn du på kringom.no

Matservering:

Ta med brødmat til frukost og niste for to dagar. Ta elles med det du treng (drikke/frukt) for tur laurdag og søndag.  Servering fredag kveld og middag laurdag kveld blir fellesmåltid.

Overnatting:

Overnatting hjå Steinsund Marina ved Hardbakke. (steinsund.no).

Ta med lakenpose evt sovepose. Det er dyner og puter på hytta. Elles alle fasilitetar.

Litteratur:

DNT si bok ”Turlederboka”. Denne vert å få kjøpt på kurset. Pris kr.198 for medlemer.

Utstyr klede m.m. (grunnleggjande kurs)

Turklede, fjellsko og ryggsekk. Regnklede er godt å ha på lur.

Også varme ullklede, vottar og huve kan bli bruk for.

Toalettsaker og handklede.

Innesko.

Drikkeflaske/turkopp/Termos

Kart: Turkart Solund 1:50 000 (kan kjøpast på kurset til kr. 130)

Kompass, helst 360 grader. (har kompass til låns).

Skrivesaker

Ta også med hovudlykt/lykt

 

Kursavgift.                                                                                                                                                              

Kursavgift kr. 1.800 medlem, kr. 2.000 ikkje medlem, inkl. matservering (fredag og laurdag kveld), overnatting og sjølve kurset. Vel møtt til hyggjeleg og lærerikt kurs.

Modul 1- DNT ambassadør

Kursleiar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik

Hovudtema: Presentasjon av DNT og turleiarkurset

Tid: 3 timar

  • Organisasjonen DNT
  • Føremål og strategi
  • DNT sitt landsstyre/administrasjon
  • Medlemsforeininga sine hovudmål, aktivitet
  • DNT sin utdanningsstige
  • Bruk av turlagshytter
  • Friluftslova – Allemannsretten

Modul 2- Grunnleggjande turleiar

Kursleiarar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik

Hovudtema: Orientering og formidling

Tid: 2 dagar

  • Vi går ein tur kvar dag i området ved Hardbakke, der vi deler på vere turleiarar.
  •  Turleiarrolla – formidling
  •  Detaljorientering
  •  Tema:
    • Kler, utstyr, mat og drikke
    • Turplanlegging
    • Kartkunnskap
    • Turglede og motivasjon av deltakarar
  •  Evaluering av deltakarane

Tidsplan for kursdagane

Fredag 11. september: DNT ambassadørkurs

Kl. 18.00 – 21.00

Presentasjon av:

Den Norske Turistforening  og turleiarkurset.

Laurdag 12. september: Grunnleggjande turleiarkurs (dag 1)

  • 09.00: Kursstart med presentasjon og innleiande teori om turleiarrolla, kart, kompass og orientering
  • 11.00: Turplanlegging som gruppearbeid
  • 12.00: Praktisering av turleiarrolla, kart og kompass på tur. Undervisning undervegs.
  • 17.00: Teoridel om turutstyr, kler, mat og drikke. Repetisjon, spørsmål og diskusjon
  • 19.00: Felles matlaging

Søndag 13. september: Grunnleggjande turleiarkurs (dag 2)

  • 09.00: Turplanlegging som gruppearbeid
  • 10.00: Praktisering av turleiarrolla, kart og kompass på tur. Undervisning undervegs.
  • 14.00: Oppsummering av kurset. Evaluering, spørsmål og diskusjon. Kursbevis.
  • 14.15: Opprydding og vask av hytta.
  • 14.30: Kursavslutning.

 

 

 

Ambassadør/ Grunnleggjande turleiar

DATO: 11.-13. september PRIS: kr. 1800 medlem/ kr. 2000 ikkje-medlem STAD: Hardbakke, Solund KURSLEIAR: Roy Raasholm Fauske/Rune Valsvik Tidspunkt: Kurset tek til fredag kveld kl. 18.00. Avslutning søndag kl. 14.30 ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 48236615
  • E-post: sft@dnt.no