Klatre/ Brattkort (Ute)

Kurs

Fra dato
9. mai 2020 kl. 10:00
Til dato
10. mai 2020 kl. 16:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag

Har du lyst til å teste ut om det som er kåra til den nest sunnaste idretten du kan drive med, er noko for deg? Godkjende klatreinstruktørar lærer deg korleis du gjennom kunnskap og rett bruk av utstyr kan gjere klatring til ein trygg sport. Kurset er meint for nybyrjarar eller tidlegare klatrarar som kjenner dei treng oppfrisking av kunstane.

Kurset har plass til 9 deltakarar og vert halde på Sagefloten i Gloppen. Dette klatrefeltet er omtalt som eit av dei beste øvingsfelta i Norge. Er vêret dårleg kan ein av dagane bli i Trivselshallen på Sandane. Du får også moglegheit til å prøve å ta «Brattkortet», som ein må ha for å vise at ein har tilstrekkeleg med kunnskap om tryggleik ved klatring.

STAD: Sagefloten, Gloppen
KURSLEIAR: Asle Veien/Irene Befring

Ta kontakt dersom du lurer på noko!

Klatre/ Brattkort (Ute)

Har du lyst til å teste ut om det som er kåra til den nest sunnaste idretten du kan drive med, er noko for deg? Godkjende klatreinstruktørar lærer deg korleis du ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. 482 36 615
  • E-post: sft@dnt.no