Basecamp Kyst, Værlandet (14-16 år)

Arrangement

Fra dato
10. august kl. 12:00
Til dato
14. august
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)
Dette arrangementet har allerede startet!

Er du mellom 14 og 16år? Er fridykking og kajakkpadling ute i havgapet noko som verkar spennande? Då bør du melde deg på BaseCamp Kyst!

DNT Ung Sogn og Fjordane arrangerer BaseCamp Kyst på Værlandet i Askvoll Kommune 10.-14.August!

Meld deg på, enten saman med ein ven eller åleine. I løpet av dagane på Basecamp har du garantert fått nye turvener.

Kva er BaseCamp Kyst? På BaseCamp Kyst får du testa ut mange ulike og spennande vann- og kystaktivitetar på ei lita veke. På programmet står fridykking, kajakkpadling, sykling, fottur, og ørne- og villsausafari. BaseCamp er fyrst og fremst utroleg sosialt, og du vil garantert bli kjend med mange andre ungdomar på same alder. Det vert ikkje sett spesielle krav til ferdigheiter eller forkunnskap om friluftsliv. Under BaseCamp Kyst har me ein fast leirstad der me søv på Gamle skulen på Værlandet, og syter sjølv for matlaging.

Ikkje medlem i DNT? Det kostar kr 215 for skuleungdom (13-18 år).-, og du kan melde deg inn her: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/?

Generell informasjon

Alle deltek på fellesaktivitetane. Leirleiarane vil til ein kvar tid vere med gruppa, og i tillegg vil det vere instruktørar og hjelparar til dei ulike aktivitetane.

Har du allergi, sjukdom eller anna som må takast omsyn til, set vi pris på om du gir beskjed om dette på førehand.

Leirplass. Me overnattar på Gamle skulen på Værlandet. Skulehuset har både kjøken, opphaldsrom, fleire soverom, toalett, bad, og er rikt utstyrt av reiskap til matlaging. Deltakarane blir fordelt på soverom, kjønnsdelt. Uteområdet er stort, og me har moglegheit til å spele blant anna fotball og volleyball.

Tryggleik. Det vert gjort risikovurdering av området og aktivitetane på førehand. Me vil gjere dette så trygt som mogleg. Det er viktig at deltakarane rettar seg etter dei instruksane som vert gitt i samband til aktivitetane og i andre situasjonar. Me har alltid med oss førstehjelpsutstyr.

Mat. All mat som vert nytta til fellesmåltida vert kjøpt inn. Me et frukost på skulehuset og smør med oss lunsj som me et ute på tur. Det vert også tilgang på frukt i løpet av dagen. På kvelden lagar me felles middag på grill, kokeapparat eller omn. Meny for middag vert satt opp på førehand. Gje beskjed i god tid om du har matallergiar eller anna som vi må ta omsyn til i planlegginga av mat.

Sanitære forhold. Skulehuset har både toalett og dusj.

Anna. Me tilrår at deltakarane har reiseforsikring.

 

Velkomen til alle – me gler oss!

Basecamp Kyst, Værlandet (14-16 år)

Er du mellom 14 og 16år? Er fridykking og kajakkpadling ute i havgapet noko som verkar spennande? Då bør du melde deg på BaseCamp Kyst! DNT Ung Sogn og Fjordane arrangerer ...

Kontaktinformasjon: