Skredvettdagen 9 februar 2020

Arrangement

Dato
9. februar kl. 10:00 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Arrangement, Fjellsportsamling, Skredvettdagen
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

NB: Arrangementet er flytta frå Jølster skisenter til Sogndal skisenter!

Kurs og Fjellsportgruppa og DNT Ung i Sogn og Fjordane Turlag inviterer til Skredvettdagen 2020 i Sogndal Skisenter. Skredvettdagen er eit nationalt DNT arrangement og er gratis og åpen for alle. Formålet med dagen er å setje fokus på skredvett.

STAND
 med DNT ung, Kurs og Fjellsport
- Vi kan hjelpe deg med; Bruk av S/M, Spørsmål knytt til bruk av utstyr, Spørsmål knutt til DNT- Lokalt turlag-Turer kurs og aktiviteter, dele ut skredkort og vise korleis dei kan nyttast, promotere for varsom sin skredvarsling, vise korleis ein tar i bruk bratthetskart.

KAMERATREDNING med differensierte grupper, gjennomført av DNT Kurs og Fjellsport
- Vi ynskjer å ha praktisk case med kameratredning der ein får nytte teorien i praksis. Vi har delt inn i to ulike nivå, nybegynner og øvet.

  • NYBEGYNNER (ikkje NF godkjent skredkurs): Går igjennom utstyret, snakkar om korleis ein søkjer med S/M, alle tek opp stong, og forklarer vifteformasjon på graving. Ein meir grundig intro der ein tek med det meste ein treng å øve på (går gjennom overflatesøk osv). Mest fokus; les skredvarsling og hald deg unna skred..

 

  • ØVET (har vore med på NF godkjent skredkurs): Ein enkel repetisjon av korleis ein bruker S/M, Søkjer med søkjestong, vifteformasjon og korleis ein går frem (Overflatesøk, kven tar styringa ++osv)


Ca 20-30 min teoretisk repetisjon, 30 min (avhengig av gruppa) til praktisk case

Det er maks 6 deltakarar per gruppe, med to instruktørar. Ny gruppe startar kvar time. Det vert påmelding ved å skrive seg opp på liste hjå DNT på stand.

Tider:
10.30 – Nybegynnarar
11.30 – Øvet
12.30 – Nybegynnarar
13.30 – Øvet
14.30 – Nybegynnarar
15.30 – Øvet


Vel møtt til ein lærerik dag med fokus på skredvett i Sogndal Skisenter!

Skredvettdagen 9 februar 2020

NB: Arrangementet er flytta frå Jølster skisenter til Sogndal skisenter! Kurs og Fjellsportgruppa og DNT Ung i Sogn og Fjordane Turlag inviterer til Skredvettdagen 2020 i Sogndal Skisenter. Skredvettdagen er ...

Kontaktinformasjon: