Avlyst Josten på langs

Fellestur

Fra dato
30. april kl. 17:00
Til dato
3. mai
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!
Avlyst: Denne aktiviteten er dessverre avlyst. Denne aktiviteten er dessverre avlyst.Vi vurderer Korona-virus situasjonen slik at vi avlyser turen.

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/2b2452ee512043e12f0e721237787e8bf8c811f2.docx

JOSTEN PÅ LANGS, 30. april - 3. mai

Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. Jostedalsbreen på langs, frå Jostedalen til Fjærland, er ein tredagars tur på ski. Vi går på Noreg sitt tak med utsikt som kan ta pusten frå dei fleste. Ein tung og krevjande tur som garantert vil gje deg minne for livet.

Vi startar med busstur frå Øygard i Fjærland til Jostedalen torsdag kveld kl. 17 og har første overnatting i telt ved Fåbergstølen. Fredag går vi opp langs Fåbergstølsbreen og vidare under Brenibba. Om vêr og føre tillèt det, kan det bli topptur på Brenibba (2018 moh.) og kveldstur frå teltleiren til toppen av Kjenndalskruna. 

Laurdag set vi kursen mot Høgste Breakulen (1957 moh.). Derifrå forbi Kvitekoll til Ramnane (1844 moh.) og Bings gryte, der vi overnattar. Søndag går vi mot Supphellenipa (1731 moh.) med høve for ny topptur. Deretter nedover Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta. Siste etappe på turen i bratt terreng ned til Øygard, der turen starta.

Turlaget syter for nødvendig sikringsutstyr. Dette blir fordelt på den enkelte turdeltakar før start. Dette er ein tung tur som krev god fysisk form.
 

 

Josten på langs

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/2b2452ee512043e12f0e721237787e8bf8c811f2.docx JOSTEN PÅ LANGS, 30. april - 3. mai Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. ...

Kontaktinformasjon: