NF-godkjent skredkurs

Kurs

Fra dato
12. februar 2021 kl. 09:00
Til dato
14. februar 2021
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/477bd91e3878c17ca0ece4c3b46e4df55ae01fa2.pdfKurs i skred, Jostedalen 12.-14. februar 2021

Kurset:

Deltakarane møter fredag 12. februar kl.10.00 på Jostedalen Camping, Jostedalen, der kursleiar møter deg. Det er 60 km frå Sogndal til Jostedal camping, dvs i underkant av ein time å køyre. Føl fylkesveg 55 frå Sogndal i retning Gaupne/Sognefjellet

Ta av i Gaupne i retning Jostedal på fylkesveg 604. Campingen ligg på Gjerde rett i nærleiken av butikken og hotellet. Sjå: https://www.jostedalcamping.no/

Etter krav frå DNT og Norsk fjellforum må kurset gå over 3 dagar, dette for å få
NF- godkjenning. Difor start kurs fredag morgon kl. 10.00. Kursleiar frå Norgesguidene.

Lokale og  mat:

Vi har ordna god hytteovernatting på Jostedalen Camping. Her er det sengeplassar til 6 deltakarar i kvar hytte i oppreidd seng. Utvask hytte ligg i kursavgifta. Kan verte endringar i høve smittevern.

Når det gjeld mat, tek deltakarane med seg all mat sjølve og kan gjerne laga felles middag. Brødmat til lunsj og frukost må du også kjøpe inn på førehand. Hugs niste fredagen.

Ta med handkle m.m. og det du treng for overnatting. Sjå også utstyrsliste i Norgesguidene sitt skriv. Hyttene er vinterisolerte med bad og elles alt ein treng.

Undervisninga blir i eit fellesrom der ein også kan ha felles matlaging om ein ynskjer.

Prisar:

Kursavgift + logi: Vaksne medlem (DNT) kr 3800, ungmedlem kr 3300 og ikkje medlem kr. 4100, ung medlem kr 3600.                      

Påmelding på nett.

Er noko uklart  ta gjerne kontakt med Sogn og Fjordane Turlag

v/ Astrid  tlf. 482 36 615.

Les også grundig vedlagt informasjon frå Norgesguidene.

Vi ser fram til lærerike dagar i Jostedalen.

Vel møtt!

 

NF-godkjent skredkurs

https://s3-eu-west-1.amazonaws.com/turistforeningen/files/477bd91e3878c17ca0ece4c3b46e4df55ae01fa2.pdfKurs i skred, Jostedalen 12.-14. februar 2021 Kurset: Deltakarane møter fredag 12. februar kl.10.00 på Jostedalen Camping, Jostedalen, der kursleiar møter deg. Det er 60 km frå Sogndal til Jostedal ...

Kontaktinformasjon:

  • Astrid Kalstveit
  • Tlf. +4748236615
  • E-post: sft@dnt.no