Blåegga - Holmøyskaregga frå Blakset

Fellestur

Dato
28. august kl. 08:15 - 17:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Seniorer
Turtyper
Fellestur, Fottur, Dnt, Dntsenior, Mntsenior
Arrangører
Midtre Nordfjord Senior, Midtre Nordfjord Turlag
Turområde
Fjordane (se kart)

Fottur for seniorar og dei som likar å gå i eit roleg tempo til Blåegga (1049) og Holmøyskaregga (1064)

Turen startar på parkeringsplassen til Raudsetra. Vi går frå parkeringsplassen opp til Raudsetra og vidare ein bratt bakke opp til Blåfjell. Frå Blåfjell går vi på høgdedraget utover til Holmøyskaregga.  Etter ein pause på Holmøyskardegga går vi eit lite stykkje tilbake same vegen som vi kom. Vi tek av og går nedover på sørsida av egga. Nede i Skardet kjem vi til murane av ein nedlagd støyl. Vi går vidare over Heida tilbake til Raudstøylen og ned til parkeringsplassen. (Dette er turen som i turprogrammet som ved ein feil står oppført som tur til Blåegga frå Hopland.)

Oppmøte Stil- stova klokka 08.15

Ferje Anda - Lote klokka 08:40

For å kome oss til Raudsetra køyre vi til ungdomshuset på Blakset. Der tek vi av og køyre vegen mot Nygård og vidare oppover til parkeringsplassen til Raudsetra. Det er bomveg.

Blåegga - Holmøyskaregga frå Blakset

Fottur for seniorar og dei som likar å gå i eit roleg tempo til Blåegga (1049) og Holmøyskaregga (1064) Turen startar på parkeringsplassen til Raudsetra. Vi går frå parkeringsplassen opp til ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Bente Ellingvåg