DATO: 4.-6. februar
Pris: kr 3800 for medlem (ung 3300)/kr 4100 (ung 3600) for ikkje-medlem
STAD: Jostedalen Camping og fjellområda i Jostedalen
KURSLEIAR: Instruktør fra Norgesguidene
Målsetning for deltakarane etter gjennomgått kurs:
Deltakarane møter fredag 4. februar kl.10.00 på Jostedalen Camping, Jostedalen, der kursleiar møter deg. Det er 60 km frå Sogndal til Jostedal camping, dvs i underkant av ein time å køyre. Føl fylkesveg 55 frå Sogndal i retning Gaupne/Sognefjellet
Ta av i Gaupne i retning Jostedal på fylkesveg 604. Campingen ligg på Gjerde rett i nærleiken av butikken og hotellet. Sjå: https://www.jostedalcamping.no/
Etter krav frå DNT og Norsk fjellforum må kurset gå over 3 dagar, dette for å få
NF- godkjenning. Difor start kurs fredag morgon kl. 10.00. Kursleiarar: Jostein Aasen.
Lokale og mat:
Vi har ordna god hytteovernatting på Jostedalen Camping. Her er det sengeplassar til 6 deltakarar i kvar hytte i oppreidd seng. Utvask hytte ligg i kursavgifta.
Når det gjeld mat, tek deltakarane med seg all mat sjølve og kan gjerne laga felles middag. Brødmat til lunsj og frukost må du også kjøpe inn på førehand. Hugs niste fredagen.
Ta med handkle m.m. og det du treng for overnatting. Sjå også utstyrsliste i Norgesguidene sitt skriv. Hyttene er vinterisolerte med bad og elles alt ein treng.
Undervisninga blir i eit fellesrom der ein også kan ha felles matlaging om ein vil.
Prisar:
Kurs og overnatting pris: kr 3800 for medlem (ung 3300)/kr 4100 (ung 3600) for ikkje-medlem
Er noko uklart ta gjerne kontakt med Sogn og Fjordane Turlag, kontaktperson Hanne Bruaas, tlf 48236615