Stimerking og skilting er viktig for tryggleik i naturen og folkehelsa. Og det er eit veldig kjekt arbeid å merke stiar, så bli med på kurs! Dette kurset er delt i to! Det er ingen maks-antall deltakarar, så her er det berre å bli med! Meld deg på via nettstad, og få tilsendt kurslinken når det nærmar seg.
Del 1 av stimerkekurs er teori. Dette er eit 3-timars kurs der vi møtast digitalt på Teams.
Vi brukar desse dokumenta og del-kursa i teorikurset:
Merkehåndboka kan lastast ned
Torgeir Neergård Berg fra DNT sentralt er kursleiar for den digitale delen.
Del 2 er praktisk stimerkekurs i etterkant av teorikurs for å få godkjent Merkekurs; Her gjennomfører ein eit 3 timars konkret lokalt prosjekt saman med erfaren stimerkar/vardebyggar.
Den praktiske delen organiserer vi lokalt når vi ser kven som tek teorikurset og involverer aktuelle ressursar fra lokallaga.
Foto: Foto: Sindre Thoresen Lønnes