Ta neste skritt frå grunnlegjande turleiar på DNT sin turleiarstige - bli sommarturleiar!
Er du DNT Turleiar, har erfaring med turleiing og kan dokumentere at du har planlagt turar sjølv? Er du i fysisk god form og har god kompetanse i kart og kompass? Er du sosial og trivst med å vere tett på folk over fleire dagar? Er svaret ja på spørsmåla over, så ser vi fram til å motta søknad frå deg til kurset Sommarturleiar våren 2022!
Sommarturleiarkurset går over 2 helger og på 2 ulike stader:
Helg nr 1: 20.-22. mai i området rundt Nipebu som er Indre Sunnfjord Turlag si hytte i Askvoll kommune
Helg nr 2 blir 10.-12. juni i området Kollsetestølen i Sogndalsdalen som er Sogndal Turlag si hytte.
Grip moglegheita og send ei søknad til: sft@dnt.no. Fortel litt om deg sjølv, kva turar du likar å leie, og kvifor du bil ta sommarturleiar
Foto: Sindre Nikolai Aker