Introkurs kajakk i Luster

Kurs

Dato
14. juni kl. 16:00 - 20:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangører
Sogn og Fjordane Turlag, Luster Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogn og fjordane Turlag arrangerer introkurs i Marifjøra, Luster. Kurset vara i om lag 4 timar, og vil gå føre seg både på land og på fjorden i nærleiken av Luster Turlag sitt naust. 

Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. I løpet av kurset har deltakaren gjennom enkel praktisk øving lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Kurset skal motivere for vidare opplæring i padling. (NB, du må ha med eiga våtdrakt/tørrdrakt)

For meir informasjon om kurset, sjå her: http://www.padling.no/vaattkort-og-sikkerhet/hva-er-vaattkort/de-ulike-kursene-i-npf-vaattkort/havpadling/introkurs-hav/

Oppmøte: Møt ved naustet til Luster Turlag som ligg litt i Vedvik, forbi Marifjøra (NB. lite parkeringsplass. Me oppmodner til samkøyring)

Kursleiar: Torill Mulen, mob. 45255889.

Utsyr: Ta med skifteklede (helst ull), mat (sjokolade/ nøtter som gir rask energi) og drikke. Hugs å pakke vasstett. Sogndal turlag stiller med kajakkar og padleåre. Det er naudstynt med våtdrakt eller tørrdrakt (Me har ikkje våtdrakt eller tørrdrakt til utlån. Ta kontakt med utlånssentralar i ditt område)

Våtkort: Introkurs hav kvalifiserer til våtkort. Våtkortet er ikkje inkludert i prisen, og om du ynskjer våttkort kostar dette kr.100. Dei fleste utleigeaktørar krev våttkort for å låne kajakkar på eige hand. For leige av Sogndal Turlag sitt kajakkutstyr er det naudsynt med våtkort eller tilsvarande kunnskap om trygg padling og redning.

Ynskjer du å støtte turlagets arbeid med å melde deg inn som medlem?
Følg linken: https://www.dnt.no/innmelding/registrering/

Introkurs kajakk i Luster

Klar for å starte sommarsesongen med kajakkpadling? Sogn og fjordane Turlag arrangerer introkurs i Marifjøra, Luster. Kurset vara i om lag 4 timar, og vil gå føre seg både på land ...

Kontaktinformasjon:

  • Hanne Karin Bruaas
  • Tlf. 48236615
  • E-post: sft@dnt.no

Turleder:

  • Toril Marie Mulen