NB: Endra dato til 10.-11. september 2022
I samarbeid med Årdal Turlag arrangerer SF Turlag Grunnleggande turleiarkurs i Årdal på Avdalen Gard! Kurset går over ein helg.
I forkant av kurset tek alle deltakarar digitalt Ambassadørkurs i Motimate-appen eller på PC. Ta kontakt viss du manglar tilgang der.
Kursleiarar: Roy Raasholm Fauske og Rune Valsvik
_________________
Stad/Tidspunkt: Oppmøte i Årdal kl 9 på laurdag.
Laurdag 9-12: Repetisjon Ambassadørkurs og teori kursleiing
Laurdag 13-17: Praktisk turleiing ute
Søndag 9-15: Praktisk turleiing ute
___________________
Overnatting: Overnatting blir heime for dei som bur lokalt. Dei som er tilreisande ordnar vi med når det nærmar seg.
Litteratur: DNT si bok ”Turlederboka”. Denne vert å få kjøpt på kurset. Pris kr.150.
Utstyr klede m.m. (grunnleggjande kurs)
Turklede, fjellsko og ryggsekk. Regnklede er godt å ha på lur.
Også varme ullklede, vottar og huve kan bli bruk for.
Toalettsaker og handklede.
Innesko.
Drikkeflaske/turkopp/Termos
Kart: Turkart Årdal1:50 000 (kan kjøpast på kurset til kr 150)
Kompass, helst 360 grader. (har kompass til låns).
Skrivesaker
Ta også med hovudlykt/lykt
Kursavgift.: kr. 1.800 medlem, kr. 2.000 ikkje medlem.
Arrangør: Kurs- og fjellsport, Sogn og Fjordane Turlag
Vel møtt til hyggjeleg og lærerikt kurs.
Med helsing Hanne Bruaas tlf. 482 36 615 (privat 47895270)