Josten på langs - jubileumstur

Anbefalt tur for jubileumsåret 2018 – Se flere

Arrangement

Fra dato
9. mai kl. 17:00
Til dato
12. mai
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom
Turtyper
Arrangement, , Jubileum2018
Arrangør
Sogn og Fjordane Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

JOSTEN PÅ LANGS – JUBILEUMSTUR: 9.- 12. MAI

Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. Jostedalsbreen på langs, frå Jostedalen til Fjærland, er ein tre dagars tur på ski. Vi går på Noreg sitt tak med utsikt som kan ta pusten frå dei fleste. Ein tung og krevjande tur som garantert vil gje deg minner for livet.

Vi startar med busstur frå Øygard i Fjærland til Jostedalenonsdag kveld kl. 17 og første overnatting i telt ved Fåbergstølen. Torsdag går vi opp langs Fåbergstølsbreen og vidare under Brenibba. Om vêr og føre tillèt det, kan det bli topptur på Brenibba (2018 moh), samt kveldstur frå teltleiren til toppen av Kjenndalskruna. 

 

Fredag set vi kursen mot Høgste Breakulen (1957 moh.) Derifrå forbi Kvitekoll til Ramnane (1844 moh.) og Bings gryte der vi overnattar.Laurdag går vi mot Supphellenipa (1731 moh.) med høve for ny topptur. Deretter nedover Supphellebreen og Flatbreen til Flatbrehytta. Siste etappe på turen i bratt terreng ned til Øygard, der turen starta.

Turlager syter for nødvendig sikringsutstyr. Dette blir fordelt på den enkelte turdeltakar før start. Dette er ein tung tur som krev god fysisk form! Turleiarar/breførarar:
Kjell Kleiven, 992 42 772, Per Tore Meier og Rune Valsvik.
Påmelding og betaling innan 27. april til Sogn og Fjordane Turlag, tlf. 57 72 06 14. Påmelding gyldig når turavgift er betalt Sogn og Fjordane Turlag, konto 3705 03 32455.

Josten på langs - jubileumstur

JOSTEN PÅ LANGS – JUBILEUMSTUR: 9.- 12. MAI Ta utfordringa og bli med på eit av våren sine vakraste eventyr. Ein klassikar av dei sjeldne, som berre må opplevast. Jostedalsbreen ...

Kontaktinformasjon: