DNT feirar 150 års jubileum i 2018, og då er det ikkje noko som er meir naturleg enn at vi legg året sin hytte til hytte tur til Jotunheimen, der den eldste turisthytta i DNT-systemet ligg, som har vore i drift samanhengande i over 140 år. Gjendebu blir då sjølvsagt ei av hyttene vi besøkje på turen. Vidare blir det ein spennande og variert tur, der vi mellom anna skal besøkje Norge sitt høgaste fjell, Glittertind. Bukkelægeret og Besseggen blir også ein del av turen, under dei fem dagane med vandring over høge toppar og gjennom djupe dalar i hjartet av Jotunheimen.
Dag 1 måndag Reise til Gjendesheim
Dag 2 tysdag Gjendesheim – Glitterheim
Dag 3 onsdag Glitterheim – Spiterstulen, over Glittertind
Dag 4 torsdag Spiterstulen – Gjendebu
Dag 5 fredag Gjendebu – Memurubu, over Bukkelægeret
Dag 6 laurdag Memurubu – Gjendesheim, over Besseggen
Turleiarar: Kjell Kleiven, tlf. 992 42 772 og Mariann Svingen, tlf. 951 91 858.
Turavgift: Kr. 4.800 medlem/ kr. 5.800 ikkje medlem/ ung kr. 3800 medlem/ ung kr. 5800 ikkje medlem.
Prisen dekke overnatting, frukost/niste og 3 retters middag, unntatt frukost og niste dag 1 og middag dag 5. Meir utfyllande info finn du på sftur.no.
Bindande påmelding ved betaling til konto 3705 0332455 innan 30. juni til Sogn og Fjordane Turlag, sogturla@online.no, tlf. 57 72 06 14. Arrangøren tek atterhald om endringar i programmet i høve vêr og andre uføresette hendingar.
Foto: Kjell Kleiven