Hanne Bruaas er tilsett som organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Turlag (SFT).Hanne er eit aktivt friluftsmenneske og nyttar store delar av fritida ute på turar i fjellet, sommar og vinter.Hanne har utdanning innan økonomi, organisasjon og personalleiing og har siste 12 åra arbeidd ved Havyard Ship. Den breie erfaringa derifrå, trur ho kan nyttast til beste for arbeidet i turlaget.
12 lokale Barnas Turlag arrangerte ein strålande og kald Kom degut-dag søndag 7. februar. Små og store kosa seg med svært varierande aktivitetar og varme pølser gjorde susen på denne ekstra kalde, men strålande søndagen dette året. Under ser du eit glimt frå dei ulike laga sine aktivitetar.
Kortreist turoppleving frå hav til breAnnleisåret i år som gav oss mange utfordringar med smittevern, er snart til ende. Turistforeininga ser nå framover mot nytt turår, utan altfor mange restriksjonar.
Forrige helg (9-11.oktober) var to leirleiarar på tur til Kinn saman med tre ungdommar frå Florø og Bergen. Vi har fått bilder og turrapport! Her kan du lese korleis det gjekk:
Alle gode ting er tre, er det noko som heiter. Det gjeld og for turleiarkurs.
Sal i butikken! 20% avslag på varer, differansiert om du er medlem/ikkje medlem. Vi har kart, turbøker, lakenpose og turartiklar! Kom innom for å sjå, opningsider er 09.-15.00, måndag til fredag! Bildene er for å vise eit lite knippe av kva du kan finne hjå oss!
Årets OPPTUR vart avlyst i mai, og utsett til hausten. Då med årets 9.klassingar! Naturlegvis har det vore forskjellig praksis i år, men her kjem ei lita oppdatering frå nokon som valgte å gjennomføre for skulane.
DNT ung Sogn og Fjordane har vore så heldige å hatt Nasjonalmuseet på besøk med deira prosjekt; SIDESPRANG på DNT sin Kom deg ut -dag, 6.september!
Hardhause BT lag lot seg gjennomføre KDU i vekslande vær, med medbragt mat og handsprit, søndag 6.september. 2020
Bli med å prøv noko heilt nytt!I haust arrangerer DNT ung Sogn og Fjordane for fyste gong MiniBaseCamp i haustferien (veke 41)!Er du mellom 14 og 16 år, kan dette passe heilt perfekt for deg!
Eit spesielt år gjer at haustens Kom deg ut -dagen (KDU) vert litt annleis, rundt omkring i Sogn og Fjordane. Dei ulike Barnas Turlag i Sogn og Fjordane har likevell vært løysningsorienterte, og arrangerer eit mangfald av aktivitetar. Her kjem ein oversikt over haustens fantastiske KDU tilbod!
Opp kom dei alle saman… og ned trygt igjen også!Det var 8 deltakarar som søndag ettermiddag kunne vandre vekk frå klatrefeltet på Sagefloten med eit signert brattkort i lomma og eit smil om munnen etter å ha gjennomført Sogn og Fjordane Turlag sitt to-dagars kurs i sportsklatring ute.Jølster var spesielt godt representert på dette kurset og kjekt er at den ...
Frå måndag til fredag inntok 12 flotte, motiverte ungdommar mellom 14 og 16 år skulehuset på Værlandet. Dei hadde reist frå Sunnfjord, Sogn, Bergen og Austlandet for å bruke siste del av sommaren på kystliv og nye utfordringar. Ungdommane og leirleiarane har vore ute heile dagen frå morgon til kveld- heile veka. BaseCamp kyst er eit lågterskel aktivitetstilbod der ungdommane ...
Som eit alternativ til dei avlyste BaseCampane vart det arrangert ulike dagsarrangement for ungdom mellom 13 og 18 år, godt spreidd i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn i veke 26 og 27. Her kjem ein kronologisk turrapport frå dagsarrangementa!
Som eit alternativ til ungdommane i Sogn og Fjordane vert det arrangert ulike dagsarrangement godt spreidd i både Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Arrangementa blir gjennomført av Sogn og Fjordane Turlag, i samarbeid med dei lokale turlaga rundt om.
GLADSAK! Endeleg kan vi låne ut toppturutstyr og skredutstyr igjen! Det har vore stor etterspørsel, og difor er det veldig kjekt for oss å starte opp att, men vi må ha nokre køyrereglar. Sjølv om det vert meir aktivitet og lemping reglar frå helsemyndigheitene, så er det veldig viktig for Sogn og Fjordane Turlag å halde smittevernet.
Me i Sogn og Fjordane Turlag og lokallaga vil bidra der vi kan i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte. Me har dermed bestemt å avlyse alle turar, kurs, møter og arrangement fram til 1. mai. Før galdt denne avlysingen fram til 19. april, nå er det altså ingen aktivitet fram til 1. mai. Alle som har meldt seg ...
Sogn og Fjordane Turlag føl råda frå DNT sentralt og avlyse våre planlagde aktivitetar som kurs og BaseCamp Vinter. Avgjerda tek vi grunna den raske utviklinga i COVID-19 situasjonen og myndigheitene sine innstendige råd om at alle nå sluttar opp om dugnaden for å avgrense smitten.Turlagskontoret vert stengt inntil vidare og all utlån av utstyr i vår regi (SFT/IST) vert ...
Vik Turlag har i 2020 etablert ei DNT ung gruppe i Vik. Torsdag 5. mars hadde dei sitt fyrste møte ut mot ungdommane i Vik, som fekk kome med forslag til turar og aktivitetar.
Sogn og Fjordane vart sterkt representert under årets nationale Skredvettdag, den 9 februar 2020. Heile tre arrangement vart gjennomført, i Hornindal i regi av Indre Nordfjord Turlag, på Seimsåsen i Årdal av Fjellsportgruppa i Årdal og i Sogndal Skisenter arrangert av Kurs- og fjellsportgruppa i Sogn og Fjordane saman med DNT ung Sogn og Fjordane.
Det var ei lærerik og vakker helg på skredkurset i Jostedalen i regi SFT Kurs- og Fjellsport. Jostein Aasen, instruktør Norgesguidene, er ein dyktig og inspirerande instruktør, som førde kursgjengen opp på Geisdalsnosi (1500 moh.) fredagen med vurderingar og informasjon undervegs. Oppe på 1000 moh. vart det graving i snøen for å lage profil og sjå på lag. Dagen blei ...