Havluft og våte opplevingar

12 friske ungdomar er samla på Høgekletten og BaseCamp Kyst.
12 friske ungdomar er samla på Høgekletten og BaseCamp Kyst. Foto: Håvard Sandal Høyvik

Måndag 7. august starta BaseCamp Kyst i regi Sogn og Fjordane Turlag . Ungdomar frå heile fylket er samla på Værlandet, og dei får oppleve kystbasert friluftsliv så det monnar. Fyrste kvelden bar det opp på Høgekletten, som er høgste toppen (163 moh.) i dette vakre øyriket. Der fekk ungdomane fritt utsyn over øyane dei skulle vitje dagane etterpå.

Tysdagen baud på fuglekikking og sykkeltur over til Bulandet. Anders Braanaas, som er ivrig fuglekikkar, var med på heile turen og ivrige ungdomar fekk lære meir om fugl og fauna.

Onsdag var det duka for kajakkpadling, dykking og villsausafari. Go`kajakk stilte opp med instruktørar og utstyr og Hilde Buer, som er sauebonde, viste dei flokken sin. Om kvelden var Anders og Hilde med og laga smakfull fiskemat i fjæra. Ein vellukka kveld med solnedgang og stor stemning. Campen vert avslutta fredag føremiddag og dei dyktige leirleiarane Kjersti Anne Ullebust, Håvard Sandal Høyvik og Kristin Reed Lone takkar for seg.

Fridykking i regi Go` kajakk onsdag og torsdag.
Fridykking i regi Go` kajakk onsdag og torsdag. Foto: Kjersti Anne Ullebust
12 ungdomar tek del på campen.
12 ungdomar tek del på campen. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Populært med sykkeltur.
Populært med sykkeltur. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Fuglekikking er spanande.
Fuglekikking er spanande. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Utan mat og drikke, duge heller ikkje dei unge.
Utan mat og drikke, duge heller ikkje dei unge. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Fridykking
Fridykking Foto: Kjersti Anne Ullebust
Matkos er sosialt og godt.
Matkos er sosialt og godt. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Vakker dag og villsausafari i Soknevågen
Vakker dag og villsausafari i Soknevågen Foto: Kjersti Anne Ullebust
Deltakarane nyt det gode liv.
Deltakarane nyt det gode liv. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Mat på bål og solnedgang i varmt og vakkert augustvêr.
Mat på bål og solnedgang i varmt og vakkert augustvêr. Foto: Anders Braanaas
Matlaging i fjøra og Hilde Buer er fagleg hjelpar.
Matlaging i fjøra og Hilde Buer er fagleg hjelpar. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Matlaginga held fram og ungdomane føl aktivt med.
Matlaginga held fram og ungdomane føl aktivt med. Foto: Kjersti Anne Ullebust
Mykje friskluft og utsikt i Værlandet/Bulandet.
Mykje friskluft og utsikt i Værlandet/Bulandet. Foto: Kjersti Anne Ullebust

Skrevet av Astrid Kalstveit 10. august 2017