Største søndagsturen i fylket

Foto: BT Solund

Sogn og Fjordane Turlag inviterer til den største søndagsturen i landet

Søndag 3. september vert Kom deg ut-dagen arrangert rundt i heile fylket.  Også laurdagen er det  fleire turar å ta del på og nokre har overnatting og held fram søndag med aktivitet. Ja, heile 35 turar vert arrangert for liten og stor denne helga.

-Kom deg ut-dagen er Norge sin nasjonale turdag, ein dag for alle uansett erfaring. Sogn og Fjordane Turlag inviterer til Kom deg ut-dag  på 35 turar og arrangement Her treff ein likesinna til leik og moro, og ein kan testa aktivitetar som kanopadling, klatring, isklatring, natursti, kajakkpadling, orientering og grilling. Også toppturar til Grånosi, Fremsta Kjeringi , Keipen og Øyane Over for dei meir vaksne er på programmet og Ungturar  i blåisen, Via Ferrata og fleire overnattingsturar. Finn din tur!

Barnefamiliane strøymer ut

At interessa for friluftsliv er stor er det ingen tvil om. Medlemstal frå DNT viser ei stor auke i barne- og familiemedlemmer og foreininga nådde nettopp 300.000 medlemer. I Sogn og Fjordane er målet og nå 8000 medlemer, og vi er på god veg med  9 % medlemsvekst.

- Det er fantastisk å sjå kor populært friluftsliv er nå, og medlemstalet vårt har auka med 50.000 på fire år. Dette er ein gledeleg vekst, og på Kom deg ut - dagen ventar me rekordmange 46.000 deltakarar over heile landet. Me er veldig glade for at så mange engasjerer seg for at barnefamiliar skal få eit sosialt og kjekt friluftstilbod, seier generalsekretær i DNT, Nils Øveraas.

På dei nærare 40 helgearrangementa våre lovar me ein dag med leik og moro i friluft.

- Me vil inspirera folk til å ta turen ut for ein fin og sosial dag i naturen, og me håpar opplevinga kan vera med på å bidra til en aktiv og god haust. Friluftsliv treng ikkje å vere komplisert. Dei viktigaste turane er dei ein enkelt kan ta heimefrå.

Skrevet av Astrid Kalstveit 1. september 2017