Julehelsing 2017

Sogn og Fjordane Turlag takkar alle turvener for 2017!
«Kunnskapsåret» 2017 heldt fram som 2016, med stor medlemsvekst og god turlags- aktivitet i alle lokallag i fylket. Lærdal Turlag har bidrege til å merka heile 200 km stiar i sin kommune medan Indre Nordfjord Turlag markerte 40 år med stor vekst i medlemstal og jubileumstur i Breheimen. Svært gledeleg er det at besøkstala på turlagshyttene veks. Longevasshytta til Indre Sunnfjord Turlag og Fuglesteg i Luster vart besøksvinnarar. Digitale turpostar- SjekkUt vart lansert i mai. Dette i tillegg til dei 300 000 besøk lokallaga finn i skrivne toppturbøker. Fjellsport og helgeturar vinn stadig deltakarar. Nye turleiarar kom til i 2017 og turlaget var ein aktiv kursarrangør innan ferdsel i naturen anten det er skredkurs, kajakkpadling eller skiteknikk. 29 barneturlag gjev våre yngste tilbod om naturoppleving og friluftsliv i heile fylket.
Sogn og Fjordane Turlag takkar turvener, medlemar, tillitsvalde og samarbeidspartnar for eit innhaldsrikt 2017. Vel møtt til turlagstur i DNT sitt jubileumsår 2018.
God Jul
Godt Nytt År!
Astrid Kalstveit Marino J. Ask
Dagleg leiar Styreleiar