Jubileumsturprogram 2018

Den Norske Turistforening (DNT) si storsatsing er å få heile landet på tur. DNT, som er Noreg sin største friluftsorganisasjon med 308 400 medlemer, feirar 150 år jubileum i 2018. Sogn og Fjordane Turlag (SFT), som er vårt fylke sin største friluftsorganisasjon med nærare 8000 medlemer, har 35 års jubileum same år. Fleire av dei 510 annonserte turane våre vil difor ha jubileumspreg og ekstra fokus på historie og feiring. Du finn dei alle i Turprogrammet som er på veg i posten til alle husstandane i desse dagar. (https://issuu.com/findriv/docs/sogn_og_fjordane_turlag_-_turprogra + PDF utgåve).

Me  startar med «utebursdag» 21. januar. Kom deg ut-dagen er blitt ein nasjonal turdag med arrangement vinter og tidleg haust. I år legg vi vinterdagen til DNT sin stiftingsdag, og feirar med leikar og aktivitet for liten og stor på nærare 30 vinterarrangement.

Hovudtyngda av dei til saman 510 turane og arrangementa blir gjennomførde lokalt.
Nytt av året er at alle aktivitet i Turprogrammet blir presentert i ulike kategoriar. Du kan kjapt finne turar som passar akkurat for deg og dine.

Jubileumsturane

Tradisjonsturane våre, Josten på langs 9.-12. mai og Hytte til hytte i hjarte av Jotunheimen, vil båe ha jubileumspreg. Mangeårig og trufast turleiar på desse turane, Kjell Kleiven, vil leie an og gje oss store turopplevingar både på bre og til fots.

Ungdomen skal ha topptur til Steindalsnosi (2025 moh.) inne i Hurrungane 31. mars. I tillegg er det planlagt tre BaseCampar vinter, sommar og haust. Alle desse campane er fylte av lærerike og utfordrande opplevingar ute i det fri.

Hav- og fjellsport dreg til havs til øya Kinn på overnattingstur i mai og bregruppa vil leike seg i blåisen tidleg i september.

Sjøsprøyt, turglede og historie blir det på jubileumsturen i regi Ytre Sogn Turlag 8.-9. september, der ferda går med båt yst i havet til Utvær, Gåsvær og Tungodden.

Borna skal jubilere 17.-18. august i Utladalen i lag med Barnas Turlag i Årdal og er bedd på tur med hytteovernatting og leik og moro i tunet på vakre Avdalen gard.

Medan seniorane tek turen til Utviken på Sandane 30. september, der dei går over toppane Fløtravarden, Snøfjellet, Dunheia og Blånibba. Ein tur med flott utsyn til Nordfjorden og Gloppefjorden og som endar i Bjørndalen

Dette er berre nokre få av dei over 500 spanande aktivitetane turprogrammet inneheld. I tillegg finn du eit svært variert og spanande kurstilbod med alt frå opplæring i skiferdigheit, klatring, yoga, kajakk og ikkje minst turleiing.

Me gler oss til å vise fram alt det vakre og spanande som ligg i vår felles natur – i skogen, på fjellet, langs kysten eller i nærområdet ditt. God tur!

Skrevet av Astrid Kalstveit 11. januar 2018