Tusenvis feira DNT 150 år

Barnas Turlag Årdal hadde utebursdag og Kom deg ut-dag i Seimsdalen
Barnas Turlag Årdal hadde utebursdag og Kom deg ut-dag i Seimsdalen Foto: Sandra Opheim

Heile Sogn og Fjordane på TUR

Kom deg ut-dagen som er blitt ein nasjonal turdag med markering vinter og haust, blei i år markert med vinterarrangement lagt til DNT sin stiftingsdag 21. januar. Det er akkurat 150 år sidan Turistforeininga vart stifta av Thomas Heftye i 1868 i Oslo.

I vår foreining, Sogn og Fjordane Turlag, feira me dagen med ein real «utebursdag» og Kom deg ut-dag. 1340 born og 1060 vaksne, som utgjer 2400 deltakarar, hadde ei kjølig og vakker feiring på 20 lokale arrangement. 350 tok del i Instedalen i Naustdal, som var eit samarbeid med Barnas Turlag i Naustdal og Flora. Dette arrangementet toppa statistikken. Også fleire av dei andre laga hadde deltaking mellom 300 til 100 små og store. Dei frivillige i Barnas Turlag har stått på og laga ein heidundrande «bursdag» med leik i snø, på is og barmark og serverte varme pølser «i lange banar». Snøen låg kvit i store deler av fylket og dette nytta dei små og store seg til fulle av med hoppbakke, slalåm, skøyter, aking, skiløp og turtipp. Bilder syner stort mangfald i aktivitet og laga melder om mykje turglede og god deltaking. Berre i ytre strøk hadde dei meir vårlege aktivitetar som fotballsparking og hesteskokasting.

Det blei ekstra stas i år med feiring DNT 150 år og god servering av mat og drikke.
Sogn og Fjordane Turlag er stolte over den gode og varierte aktiviteten som dei frivillige stelte i stand for born og vaksne på denne Kom deg ut-dagen i dei fleste kommunane i fylket.
Dette er eit godt høve samlast og møte kjende i leik og prat og ete ute i friluft. Me ser fram til alle aktivitetane i jubileumsåret 2018, og du er velkomen med oss ut.

Yrande liv på Kom deg ut- arrangement i Instedalen, som var eit samarbeid mellom Barnas Turlag i Naustdal og Flora.
Yrande liv på Kom deg ut- arrangement i Instedalen, som var eit samarbeid mellom Barnas Turlag i Naustdal og Flora. Foto: Torill Hukseth
Flott markering Barnas Turlag Leikanger på Kleppa.
Flott markering Barnas Turlag Leikanger på Kleppa. Foto: Sindre Ramung
Dei grilla i Myrvågen Barnas Turlag på Værlandet og Bulandet.
Dei grilla i Myrvågen Barnas Turlag på Værlandet og Bulandet. Foto: Roar Landøy
I Barnas Turlag i Aurland kunne dei nyte isen i Flåm
I Barnas Turlag i Aurland kunne dei nyte isen i Flåm Foto: Anja Schône
Liv og røre ved Stryn Skisenter
Liv og røre ved Stryn Skisenter Foto: Ingrid Henjum
I Dvergsdalen i Jølster var det rikeleg med snø å leike i.
I Dvergsdalen i Jølster var det rikeleg med snø å leike i. Foto: Ronny Kjøde
Barnas Turlag på Eid drog til Tua og samla 60 born og 50 vaksne.
Barnas Turlag på Eid drog til Tua og samla 60 born og 50 vaksne. Foto: Ragna Flatla Haugland
300 tok del i bursdagsfeiringa i Hodlekve, Sogndal
300 tok del i bursdagsfeiringa i Hodlekve, Sogndal Foto: Liv Norunn Hamre
Tre Barnas Turlag i keipen Turlag feira saman i Myklebustdalen.
Tre Barnas Turlag i keipen Turlag feira saman i Myklebustdalen. Foto: Mildrid-Anette Indredavik
I Askvoll kosa dei seg med skileik i Rivedal.
I Askvoll kosa dei seg med skileik i Rivedal. Foto: Anita Rennestraum
På Stadlandet har dei hav og utsikt.
På Stadlandet har dei hav og utsikt. Foto: Rebecca W. Hauge
Ein pust i bakken i Norddalen i Fjaler.
Ein pust i bakken i Norddalen i Fjaler. Foto: Veronica Myklebust
På Langeland tog dei seg også ein skitur i lag i regi BT Fosseheimen-Gaular
På Langeland tog dei seg også ein skitur i lag i regi BT Fosseheimen-Gaular Foto: Linda Merete Karlsen Sunde
127 kosa seg på feiring med BT Vågsøy
127 kosa seg på feiring med BT Vågsøy Foto: Wenche Gangsøy
BT Hyllestad fann snø i Ørnadalen.
BT Hyllestad fann snø i Ørnadalen. Foto: Katarzyna Lylund
I Barnas Turlag i Solund var dei på tur i mørket.
I Barnas Turlag i Solund var dei på tur i mørket. Foto: Gunn Marit Fossedal
Turbo var gjest!
Turbo var gjest! Foto: Wenche Gangsøy

Skrevet av Astrid Kalstveit 22. januar 2018