Ungdomen i fokus i SFT

Eit DNT Ung Sogn og Fjordane blei skipa på SFT sitt årsmøte på Skei laurdag 27. januar. F.v. Håvard Sandal Høyvik, Maria Kalhagen, Kjersti Anne Ullebust, Kristine Tonning og Mads Aasen. Silje Marita Vallestad (liggjande) er styremedlem og ungkontakt i SFT. Rasmus Sørenstam var ikkje til stades og er medlem i utvalet.
Eit DNT Ung Sogn og Fjordane blei skipa på SFT sitt årsmøte på Skei laurdag 27. januar. F.v. Håvard Sandal Høyvik, Maria Kalhagen, Kjersti Anne Ullebust, Kristine Tonning og Mads Aasen. Silje Marita Vallestad (liggjande) er styremedlem og ungkontakt i SFT. Rasmus Sørenstam var ikkje til stades og er medlem i utvalet. Foto: Anne Rudsengen

Laurdag 27. januar skipa SFT eit historisk og nytt DNT ung Sogn og Fjordane utval. Eit samrøystes årsmøte ville opprette utvalet og  Kristine Tonning (DNT ung Indre Nordfjord) skal leie utvalet i lag med medlemene Maria Kalhagen (DNT Ung Luster )og Mads Åsen (DNT Ung Indre Sunnfjord). Varamedlem Kjersti Anne Ullebust (DNT Ung SFT) og Rasmus Sørenstam (DNT Ung Ytre Sogn), ungkontakt SFT, Silje Marita Vallestad og Håvard Sandal Høyvik (Ung IST) støttar opp om det banebrytande arbeidet ungdomane har føre seg. Og Sogn og Fjordane Turlag vil ha tett samarbeid med ungdomen, då utvalsleiar skal møte på styremøta i foreininga.

Handlingsplanen syner planlagt aktivitet 2018

Dobbeljubileum – DNT 150 år - DNT ung er 30 år! 
BaseCampar(Vinter, sommar og kyst)
DNT ung landsmøte vår 2018 i Drammen
Oppmode og støtte lokallag arrangere; Friluftscamp, friluftsmoro, friluftsskule
Organisasjonskurs
Nybyrjarkurs randonee lokalt
Grunnkurs klatring lokalt
Jubileumsturar og t.d. surfetur Stad
Hytte til hytte tur
Eige DNTung arrangement nasjonalt; Grøn fredag, DNT ung sin nasjonale bytedag!

Inspirerande å ha ungdomen med på laget
Inspirerande å ha ungdomen med på laget Foto: Astrid Kalstveit
Silje Marita Vallestad hadde innlegg på Møteplassen fredag og orienterte om utvalet sine mål og strategiar og ba om innspel frå salen i høve aktivitet.
Silje Marita Vallestad hadde innlegg på Møteplassen fredag og orienterte om utvalet sine mål og strategiar og ba om innspel frå salen i høve aktivitet. Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 29. januar 2018