8. klassingar ut på tur i heile fylket

8. klassingar på OPPTUR på veg til Snauesnyken i Hyllestad
8. klassingar på OPPTUR på veg til Snauesnyken i Hyllestad Foto: Liv Brekken

Onsdag 2. mai var den store nasjonale OPPTUR-dagen i fylket og 23 skular og 750 elevar hadde 7 ulike turmål og aktivitetar. Lokallaga i Ytre Sogn, Indre Sunnfjord, Flora, Lærdal, Aurland, Keipen og Indre Nordfjord hadde arrangement og stor og variert aktivitet for åttendeklassingane sine. Lærarar, frivillige dugnadsfolk og Røde Kors gjer det mogleg arrangere slike dagar år etter år. Stor takk til dei og til Olden vatn, som blir spandert på oss denne dagen.

I Ytre Sogn drog elevar frå heile 7 skular over til Hyllestad og tur opp til Sauesnyken. Indre Sunnfjord Turlag samla 262 elevar frå 6 skular på museområdet i Movika og gåtur og quiz ved Huldefossen og skuleområdet på Mo. I Flora har dei tradisjon ta elevane med på Brandsøyåsen  på OPPTUR-dagen og hadde ein kjempetriveleg og aktiv dag med både leiker og tur. Knekkevasshytta var turmålet for elevane hjå Keipen Turlag og stor stemning inne på turlagshytta etter oppturen. Turlaga i Lærdal og Aurland  samarbeidar alltid om OPPTUR og turen i år gjekk på Kongevegen frå Seltun bru om Galdane og opp til Sjurhaugfossen. Guide var i år som i fjor, Lasse Sælthun. Alt i alt ein strålande OPPTUR og fleire slike "skuleturar" blir arrangert i juni.

Heile 262 åttandeklassingar frå Vassenden, Førde, Sande og Naustdal var samla under årets utgåve av Opptur.
Heile 262 åttandeklassingar frå Vassenden, Førde, Sande og Naustdal var samla under årets utgåve av Opptur. Foto: Kjell Befring
Brandsøyåsen er det endelege turmålet  for elevane frå skulane i Flora og Eikefjord.
Brandsøyåsen er det endelege turmålet for elevane frå skulane i Flora og Eikefjord. Foto: Arnfrid Bergheim
Fryd og gaman då 8. klassingane i Bremanger på  Knekkevasshytta.
Fryd og gaman då 8. klassingane i Bremanger på Knekkevasshytta. Foto: Kirsten Grotle
Heile turgjengen frå Aurland og Lærdal
Heile turgjengen frå Aurland og Lærdal Foto: Rolf Engløkk
Elevflokken på Sauesnyken i Hyllestad
Elevflokken på Sauesnyken i Hyllestad Foto: Liv Brekken
IST sine elevar ved vakre Huldefossen på Mo
IST sine elevar ved vakre Huldefossen på Mo Foto: Kjell Befring
Variert turløype i Flora.
Variert turløype i Flora. Foto: Arnfrid Bergheim
Vakkert på Kongevegen
Vakkert på Kongevegen Foto: Rolf Engløkk
Folksomt på museet i Movika og vêret var med dei.
Folksomt på museet i Movika og vêret var med dei. Foto: Kjell Befring
God balanse i Flora.
God balanse i Flora. Foto: Arnfrid Bergheim

Skrevet av Astrid Kalstveit 4. mai 2018