Flaks

Dei unge er ivrige klatrarar.
Dei unge er ivrige klatrarar. Foto: Asle Veien

Dersom alt går slik Yr seier det vil gå, vil dette klaffe, men med små marginar meinte klatreinstruktørane – vi avlyser ikkje!

Glatt regnvått berg er det verste klatrarar veit. Berget var svart etter ei regnvåt natt, når dei sju som hadde meldt seg på sportsklatrekurs denne laurdagen var på plass under den 25 meter høge, litt skremmande hammaren på Sagefloten i Gloppen.

Men når introduksjon og gjennomgang av utstyr var gjort og ein lett vind og nokre solstrålar hadde fått virke, sat klatreskoa som klistra til veggen. Når vi var ferdig med terping på sikringsgrep og høgdeskrekken delvis var kurert, første dagen, kom regnet på nytt.

Søndagen med start kl. 10, bar også preg av at det hadde regna heile natta. Men før vi var ferdig med rappelløvingane, der ein våt vegg ikkje spelar noko rolle, var veggen tørr og klar for klatring og terping på skikkerheit, sikkerheit, sikkerheit – i delvis sol.

Alle sju, med eit alderspenn på 40 år, klarte brattkorttesten med god margin og når siste brattkort var signert av instruktørane, kom regnet!

Sjå video frå kurset her.

Tekst og foto kursleiar Asle Veien

Naturen gir ei vakker råme for klatrekurset på Sagefloten i Gloppen.
Naturen gir ei vakker råme for klatrekurset på Sagefloten i Gloppen. Foto: Asle Veien
Foto: Asle Veien
Gode hjelperar må til.
Gode hjelperar må til. Foto: Asle Veien
Foto: Asle Veien

Skrevet av Astrid Kalstveit 7. mai 2018