Turleiarkurs i Avdalen

Foto: Roy Raasholm Fauske

Ramma kunne ikkje vore betre. Sol frå skyfri himmele i noko av det vakraste Norge kan by på av natur. I helga samlast 10 deltakarar (+ kursleiarar) til ambassadør- og grunnleggjande turleiarkurs på den vakre fjellgarden Avdalen i Utladalen i Årdal. Målet med helga var å verte betre kjende med DNT og utvikle seg som turleiar.  

Den svært tuvande gjengen fann fort tonen, og engasjementet var stort undervegs i kurset. Erfaringsutveksling er ein viktig del av kurset, og med fleire erfarne turleiarar blant deltakarane var det mykje lærdom å hente av kvarandre.  

Etter at deltakarane (og kursleiarane) fekk løyst sveitten opp den stupbratte Avdalskåri, stod ambassadørkurset på timeplanen fredag kveld. Her fekk deltakarane ei innføring i DNT sitt omfattande tilbod, historia og kva organisasjonen står for.

Men det viktigaste med kurset var likevel å trene på å vere turleiar. Og i det flotte veret skjedde det aller meste av undervisninga ute - på tur. Etter ei kort teoriøkt lørdag morgon gjekk vi til stølen i Gravdalen, der Årdal Turlag har tre hytter. På veg opp til stølen var det rollespel undervegs der deltakarane fekk tren på relevante situasjonar som kan oppstå på ein tur. Bruk av kart og kompass vart det og tid til undervegs og på stølsvollen.  

Søndag gjekk vi opp til eit utsiktspunkt oppunder Fuglenosi, der vi tok lunsjpausen med storslått utsikt nedover Utladalen. Elles var opplegget mykje det same på denne turen som på turen til Gravdalen. På begge turane skifta deltakarane på å vere turleiararar. Dei fekk testa seg blant anna på overoppheta turdeltakar, ampert turfølgje og turgåar som fekk problem med knea, for å nemne nokre av scenarioa.

Takk til Årdal Turlag for framifrå vertskap. Vi kjem gjerne attende. Kursleiar Roy Raasholm Fauske 

Foto: Roy Raasholm Fauske
Heile kursgjengen med instruktørar: F.v. bakPernille Breili, Kristin Hestetun, Rune Valsvik (assistent kursleiar), Roy Raasholm Fauske (kursleiar), Silje Marita Vallestad, Martin Ellingsen Walderhaug, Eleanor Bjune Mead, Anna Martine Jonsson. F.v. framme: Rolf Engløkk, Daniel Åmås, Stian Løvoll og Trond Øyen Einemo.
Heile kursgjengen med instruktørar: F.v. bakPernille Breili, Kristin Hestetun, Rune Valsvik (assistent kursleiar), Roy Raasholm Fauske (kursleiar), Silje Marita Vallestad, Martin Ellingsen Walderhaug, Eleanor Bjune Mead, Anna Martine Jonsson. F.v. framme: Rolf Engløkk, Daniel Åmås, Stian Løvoll og Trond Øyen Einemo. Foto: Rolf Engløkk
Foto: Rolf Engløkk
Foto: Rolf Engløkk
Foto: Rolf Engløkk
Tur til Gravdalen, turlagshyttene til Årdal Turlag
Tur til Gravdalen, turlagshyttene til Årdal Turlag Foto: Rolf Engløkk

Skrevet av Astrid Kalstveit 28. mai 2018