Åhh...vi skulle....

Foto: Magne Støyva

Om vi var usikre på vêret på klatrekurset i starten av mai, var det ikkje noko tvil om kursvêret første helga i juni – dette kom til å bli ei super helg. Yngste deltakar knapt 16 og eldste vel 60.

Etterkvart som timane gjekk lærte dei 10 deltakarane at det heiter ikkje krok - det heiter ekspresslynge! Kjerringknutar vart til åttetallsknutar og det var ikkje lenger heilt sikkert at ein klatretur til toppen var den sikre død.

Alle deltakarane fekk utdelt velfortjent Brattkort på ettermiddagen andre dagen etter å ha lært både trygg sikring og at vil du kjenne at du verkeleg lever – ta eit klatrekurs!

Siste replikk før deltakarane vende tilbake til sine heimar i vest, aust og sør var: Åhh... vi skulle hatt ein dag til!

Takk for morosam helg til alle trivelege klatrerar og til Magne for gode bilde, frå instruktørane Irene og Asle.

Foto: Magne Støyva
Foto: Magne Støyva
Foto: Magne Støyva
Foto: Magne Støyva

Skrevet av Astrid Kalstveit 5. juni 2018