Kjempefin tur over breen i år!

Kvart år arrangere Sogn og Fjordane Turlag " Josten på langs" som er ein krevjande tur over fleire dagar.  Turleiar og referent i år som i fjor: Kjell Kleiven
Vi hadde ein kjempefin tur over Jostedalsbreen, med sol og nesten skyfri himmel i 2 dagar, og litt snø og skodde siste dagen.
Vi hadde ein kjempefin tur over Jostedalsbreen, med sol og nesten skyfri himmel i 2 dagar, og litt snø og skodde siste dagen. Foto: Kjell Kleiven
Heile turgjengen under blå himmel.
Heile turgjengen under blå himmel. Foto: Kjell Kleiven

Første overnatting hadde vi ved Fåbergstølen, onsdag kveld. Torsdag morgon starta vi å gå i 9 tida, vi gjekk opp langs Fåbergstølsbreen. Oppe på breen kom Brenibba til syne ut på dagen, og turen gjekk vidare mot Kjenndalskruna, der vi slo leir.

Foto: Kjell Kleiven

Ved Kjenndalskruna var det nesten vindstille og kveldsola varma godt på ein ellers kald kveld, nattetemperaturen var nede i 20 minus denne natta.

Foto: Kjell Kleiven

Fredag morgon starta vi ferda vidare sørover breen, dagens mål var i utgangspunktet Bings gryte, men i og med at det var dårlege meldingar for laurdag endra vi planene ut over dagen.

Framdrifta var god og det var lett føre, det gjekk som ein leik framover breen. Når klokka var 5 på ettermiddagen var vi ved Bings, alle meinte at det var for tidleg å slå leir, for sola skein og ikkje ei sky og sjå. Etter ein matpause ved Bings starta vi på den siste motbakken på turen, oppover til grensevarden, denne etappa gjorde vi på 45 min, og no var det berre bortover og nedover heilt til Fjærland.

Etter at vi hadde passert grensevarden gjekk vi vidare mot Suphellenipa, det var med god samvittigheit vi slo leir kl 19.30.

Nokre av turdeltakarane ønskte å ta turen like til Fjærland denne kvelden, vi organiserte oss i to grupper, og ein av turleiarane reiste med den eine gruppa ned igjen. Dei som var igjen fekk ein fantastisk kveld på breen, det var heilt vindstille og ikkje ei sky å sjå medan sola gjekk ned i vest.

Foto: Kjell Kleiven

Laurdag morgon vakna vi til snøveir og dårleg sikt, men vi låg like ved Suphellenipa, så turen ned til Flatbrehytta var ganske kort, kl 10 såg vi taket på Flatbrehytta gjennom skodda, og no gjensto berre turen ned til Øygard der vi starta onsdag.

Foto: Kjell Kleiven

Etter 3 dagars vandring på breen og ein strevsom tur ned frå Flatbrehytta, gjennom skog og kratt var det godt å få av den tunge sekken og nyte følelsen av å ha fullført denne turen.

Skrevet av Astrid Kalstveit 25. mai 2015