Keipen Turlag for fyrste gong til Gjegnen 1670 moh.

Foto: Svenn-Petter Kjerpeset

Keipen Turlag hadde tur til Gjegnen 1670 moh. søndag 10. mai. Det var fyste gong turlaget arrangerte tur hit. På turen var vi innom dei fire årstidene frå skodde, sol, snø og til -6 grader og ein friske kuling på toppen. Turen over Gjegnalundsbreen gjekk vi i taulag, og frå breen og opp til toppen var det til dels skiftande veir frå tett skodde, litt snø og iskald vind.

Dei siste 100 metra gjekk Emil 13 år frå Davik i front til varden. Frå breen og nedover kom godveiret med sol og vindstille. Dei fleste leika seg nedover på ski og må sei de var imponerande skiferdigheter på Emil. Ellers var det med  ein person som skulle føde om ein månad og ho tok av skia på dei brattaste plassane. Det var 12 personar med på turen heimehøyrande i Måløy, Florø, Førde, Davik, Lote, Eikefjorden og Svelgen. Turen var berekna til 10 timer, men vi brukte 9 timer og 30 min tur retur. Keipen Turlag takkar ein spreke gjeng for turen og håpar vi sjåast igjen neste tur til Gjegnen er den 28. juni.

Mor og son på toppen
Mor og son på toppen Foto: Svenn-Petter Kjerpeset