BaseCamp ved ville vakre vestkysten

Miljøbevisste ungdommar plukka søppel på ei strand i Soknevågen.
Miljøbevisste ungdommar plukka søppel på ei strand i Soknevågen. Foto: Marie Sørum

Ungdommane som tok del på årets BaseCamp Kyst fekk verkeleg kjenne på både vêr og vind då Værlandet og Bulandet opna på gløtt for hausten. Med aktivitetar som kajakkpadling, fridykking, sykling med fugletitting, villsausafari og fjelltur blei det ei innhaldsrik veke for både deltakarane og leirleiarane. Med motiverte, leikne og flotte ungdomar, leiarar og instruktørar fekk vi alle ei fin oppleving i naturen, alt i alt ei flott veke.

BaseCamp Kyst er eit lågterskeltilbod for ungdom mellom 14 til 16 år i regi av DNT Ung Sogn og Fjordane. Veka varer frå måndag til fredag der ein får prøve ulike aktivititetar. Vi møtte deltakarane på ferjekaia i Askvoll saman med Marino Ask, styreleiar i Sogn og Fjordane Turlag. Han kunne fortelje oss om Sogn og Fjordane Turlag si historie, og lokalkunnskap om øyriket vi befant oss i. Allereie fyrste dagen var vi på fjelltur på Høgekletten på Værlandet, ein spesiell markant liten topp på 163 moh. Vi fekk ein fantastisk utsikt over Værlandet, Bulandet og Alden eller “Norskehesten” som fjellet også blir kalla. Etter ein kald og våt nedfart frå fjellet laga vi ei god betasuppe saman, før vi hadde namnleikar og aktivitetar utanfor skulehuset.

På tysdagen skulle vi padle kajakk heile dagen på tur saman med Øyvind Korsøen og Matias Bjørnhaug frå Gò Kajakk. Meldingane meldte ulikt vêr frå time til time, så vi var spente på utfallet. Det einaste vi kunne tru på var at det skulle blåse frå sør, så det ville vere best å padle på nordsida av øya. Vinden kom, og bølgene deretter, men vi fekk faktisk ikkje regn i det heile tatt på turen! Vi hadde kledd oss godt med våtdrakt og vindjakke, og alle fekk pakka kajakkane med kle, vatn og vedkubbar. Vi padla inn til ei nydeleg lita gøymt vik der vi fyrte bål og gjekk på skattejakt. Øyvind kunne fortelje oss om ulike skjell, tang og fisk i havet! 

Gjengen på kajakktur.
Gjengen på kajakktur. Foto: Øyvind Korsøen
Rasteplass i fjøra med bål.
Rasteplass i fjøra med bål. Foto: Øyvind Korsøen

Fridykking og villsausafari sto på agendaen på onsdagen i veka på BaseCamp. Igjen fekk vi låne dykkeutstyr av Go´kajakk; som tjukke våtdrakter, blybelte, lange symjeføter og dykkermaske og snorkel. Det gjorde fridykkinga til ei behageleg oppleving der vi kunne plaske mange timar i vatnet. Vinden frå dagen før hadde raska med seg litt rusk og rask frå havbotn, så vatnet var ikkje heilt krystallklart. Men det var klart nok til at vi kunne sjå etter fisk, krabbe og kamskjell. Vi fant heile 3 kamskjell på nesten 10m djup! Magnus fant ein svær krabbe og fleire småkrabbar langs med rasteplassen. Igjen hadde vi bål på lunsjplassen, men både kamskjella og krabben blei spart denne gongen og blei sleppt uti havet att.

Etter lunsj samla vi samen søppel vi fant på stranda i vika. Etterkvart kom vår villsaukjennar Hilde Buer. Ho blei med oss på ein runde på tuene utover naturreservatet på sørsida av Værlandet. Hilde fortalte oss om hennar kjennskap til saueflokken, deira opphav, instinkt og historie. Med èit lokkerop frå Hilde kom store deler av flokken for å sjå kva som var på fere! Spretne, små, skye og vakre sauer kom for å helse på, og da hjelpte det at vi fekk litt kraftfôr som vi kunne lokke med. Regnet kom og vi byrja å rusle tilbake til skulehuset.

Ungdommar plukkar søppel på ei strand innanfor naturreservatet på Værlandet i Soknevågen.
Ungdommar plukkar søppel på ei strand innanfor naturreservatet på Værlandet i Soknevågen. Foto: Marie Sørum

Torsdag møtte vi Anders Braanaas utanfor skulehuset kl 09.30. Han inviterte oss med  på Norsk skjøfuglsenter nede ved hamna. Der fekk vi sjå og oppleve historia til sjøfuglane og kva som truar deira eksistens i dag. Då regnet hadde gitt seg sykla vi utover mot Bulandet med kikkert rundt halsen og Anders i front, nå skulle fuglane studerast.

Bulandet er Norges vestlegaste bebudde øysamfunn, og då vi sykla over den siste brua, kunne vi sjå berre hav både i nordleg og sørleg retning, ganske stilig. På sykkelturen kunne vi sjå mange ulike typar sjøfugl som ulike artar av måke, havsule, storskarv, ørn og ein masse gjæser på mellomlanding i trekk-ruta si. Vi hadde lunsjplass heilt ved havgapet på Bulandet. Etter ei stund sykla vi tilbake til Værlandet og møtte igjen Hilde og Anders til matlaging i fjøra! Dei hadde ordna med bål og gode glør slik at vi kunne grille fisk, albueskjell og grønsaker pakka inn i tang og tare! Vi fant store tareblader som vi pakket inn maten med, og krydra med trøffeltang. Vi hadde fått med oss 4 ferske makrell frå ein hyggeleg campingnabo, som vi røyka på bålet og pakka inn som resten av middagen.

Fugletitting på Bulandet.
Fugletitting på Bulandet. Foto: Marie Sørum


Mat i fjøra med Hilde og Anders.
Mat i fjøra med Hilde og Anders. Foto: Marie Sørum
Hilde viser fram saueflokken, litt sky, men kraftfôr hjelper.
Hilde viser fram saueflokken, litt sky, men kraftfôr hjelper. Foto: Marie Sørum

Alt i alt ein kjempe flott tur med mange fine nye lærerike opplevingar for både deltakarane og leirleiarane.  

Værlandet og Bulandet er ein utruleg flott plass med mykje potensiell aktivitet og gode opplevingar. Eg vil få takke dei flotte, hjelpsame og aktive ungdommane som gjorde turen til ei flott oppleving for deltakarar, leirleiarar og instruktørar/ guidar! Eg må få anbefale Go´kajakk frå Førde til alle som ynskjer å prøve kajakk eller fridykking, rolege, sindige og kunnskapsrike instruktørar. Og Arnt på Joker Værlandet for flott service heile veka! Og Anders og Hilde som deler kunnskap og erfaringar og viser flotte Værlandet og Bulandet.

 

Skip og hoi!

Tekst: Marie Sørum, leirleiar BaseCamp Kyst 2018

Foto: Marie Sørum

Skrevet av Astrid Kalstveit 14. august 2018