Jubileums tur i Jotunheimen

Foto: Kjell Kleiven

I Jotunheimen er det mange ruter og turar ein kan velgje mellom, om ein vil gå nokre dagar med fjellsko og ryggsekk. Ettersom Den Norske Turistforening fyller 150 år dette året, var det naturleg at vi valde å besøkje Gjendebu. Gjendebu var den første hytta DNT tok i bruk i Norge. Hytta ligg 995 meter over havet, i vestenden av innsjøen Gjende, midt i Jotunheimen. Hytta blei bygt i 1871 og var då 45 kvadratmeter. I dag har hytta 119 sengar og meir en 10 000 besøkande i året.

Sett vekk frå at dette var ein jubileumstur, var denne lik mange andre fotturar frå hytte til hytte i Jotunheimen, med varierande lengde og terreng. Dagsetappane var varierande, frå den kortaste som på ca. 12,5 km, til den lengste på over 25 km. Terrenget variera også frå dag til dag, den eine dagen flatt og småkupert,  den neste bratt både opp og ned. Underlaget i Jotunheimen er for det meste stein når ein kjem over 1000 meter, og det er mange som merkar det i føtene etter 10 timar på tur.

Turen starta på Gjendesheim, og første dagen gjekk vi til Glitterheim. Vi følgde ruta opp bakkane mot Besseggen, og vidare til Russvatnet, opp bakkane etter vatnet, over elva Tjønnholeåe, vidare over skaret mellom austre og vestre Hestlægerhøe, som var høgste punktet på ruta. Siste delen gjekk nedover langs Hestebekken, og fram til Glitterheim. Det var fint vêr store deler av dagen, lettskya og fin temperatur, men ut på ettermiddagen fekk vi eit par regnskurer over oss.

Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven

Neste dag var målet Glittertind, og vidare til Spiterstulen. Når ein først skal opp på Norges nest høgste fjell, 2465 moh, var dette rette dagen; lettskya vêr og god sikt heile dagen. Turen opp er ein lang og samanhengande motbakke heilt frå Glitterheim, og til toppen. Med sol frå nesten skyfri himmel, seier det seg sjølv at ein brukar litt tid på toppen, for å nyte utsikta og atmosfæren, og det gjorde vi. Vi følgde den vanlege ruta ned igjen til Spiterstulen, ned i Stiendalen, og framover til Skautkampen.

Den tredje dagen gjekk vi frå Spiterstulen til Gjendebu. Med to lange dagsetappar i føtene frå før, skulle vi no ut på ein tur som var endå lengre. Første del av turen følgde vi ruta mot Leirvassbu, framover Visdalen, deretter inn i Urdalen, med 2000 meter toppar i fleng på begge sider. Det var Urdalstindane på høgre sida,  Hellstugutindane på venstre sida, og Semeltinden rett imot. Over Urdalsbandet og nedover til Hellerkampen. Frå Hellerkampen bar det ned i Storådalen der stien følger elva Storåe nedover til Gjendebu.

Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven

Den fjerde dagen gjekk vi den kortaste etappen på turen, over Bukkelægeret til Memurubu. Vi starta innover langs Gjende, etter ca. 2 km bratt opp Bukkelægeret, innover Lågtunga, og bratt nedover til Memurubu. Siste dagen var sjølvaste sjarmøretappen, Besseggen. Vi gjekk turen frå Memurubu til Gjendesheim, det vil seie at vi gjekk opp sjølve egga. Utvilsamt det beste alternativet for dei som er ikkje er van med luftige fjellparti.

På eit par av dagsetappane fekk vi selskap av reinsdyr, i dalføret nedover mot Glitterheim hadde vi følge av ein flokk på ca. 20 dyr. Opp Bukkelægeret hadde vi også selskap av ein litt mindre flokk, dei tenkte vel sitt når vi kom krypande oppover. Vi var til saman 20 stk. på denne turen, 18 turdeltakarar og 2 turleiarar, samla distanse 98,8 km, målt med GPS.

Til saman ein lang og krevjande tur, som baud på forskjellige utfordringar for kvar enkelt. Det kjennest i føtene for nokre etter 10 – 11 timars gonge i steinrøys, og det sirkulera forskjellige tankar i hovudet på andre når Bukkelægeret og Besseggen er neste tur på programmet. Nokon likar ikkje å gå oppover, og andre likar ikkje å gå nedover. Gleda og nytinga av å ha gjennomført ein sånn tur er stor for alle. Men den er nok aller størst for dei som har kjempa seg gjennom lange dagar i steinrøys med såre føter, stive og støle musklar, og dei som har utfordra seg sjølv i bratte bakkar og luftige fjell. 

Etter lange dagar  på tur i fjellet, ser ein fram til å komme til ei betent hytte der ein får ein varm dusj, og kan sette seg til bords å få ein 3-retters middag, sove i ei god seng, for deretter å stå opp til ein ny dag og nyte ein god frukost. Alle har ei eller anna forventing til både turen og turfølgjet, og dei aller fleste lurer nok på kven dei skal dele tida saman med  på turen. Om vi ikkje kjenner kvarandre i starten, ordnar det seg i løpet av 5 dagar på tur.

Det var ein herleg gjeng å vere på tur med, og forventningane vart oppfylt på alle punkt.
Turleiarar. Kjell Kleiven og Mariann Svingen.

Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven
Foto: Kjell Kleiven

Skrevet av Astrid Kalstveit 16. august 2018