Opning ny tursti

Søndag 31. mai vart stien frå Otterstein til Fossevikja formelt opna ved snorklipping av 90 år gamle Borghild Otterstein. Ho flytta hit til den einaste busetnaden på Otterstein i 1945. Ein flott augneblink.


Men først ynskte Sigvard Skaar velkomen. For deretter å overrekke Rolf Kleiven eit fat i lønn, snekra på ungdomsskulen av ein skuleelev frå ei lønn som ein hadde saga ned ved ungdomsskulen. Dette var som løn for jobben han har gjort i stigruppa i Dale, og alle timane med merking og tilrettelegging av sti. 
Frå Indre Sunnfjord Turlag hadde leiar i stigruppa Atle Holsen møtt opp. Han delte ut effektar frå turlaget. I tillegg var det utlodding av 3 gratis overnattingsturar på Nipebu ved Linda Hovland og Fossedalens Vener.

Skrevet av Astrid Kalstveit 31. mai 2015