Alle born og unge ut på ski

Tore Dvergsdal (t.v.) representerte Sparebanken Vest og tildelte Sogn og Fjordane Turlag allmennyttige midlar til born og unge.
Tore Dvergsdal (t.v.) representerte Sparebanken Vest og tildelte Sogn og Fjordane Turlag allmennyttige midlar til born og unge.

Sparebanken Vest med Tore Dvergsdal i spissen tildelte Sogn og Fjordane Turlag (SFT)

kr. 100 000 til innkjøp randonee skiutstyr, som turlaget kan leige ut gratis til born og unge i fylket.
Sparebanken Vest har bidrege med midlar tidlegare og SFT har utleigetilbod i samarbeid med Jølster skisenter. Nå kan me gi yttarlege fleire unge tilbod om leige skiutstyr på arrangerte turar og BaseCampar.

Mange takk til Sparebanken Vest som satsar på dei unge, og at dei gir turlaget denne tilliten å få endå fleire med ut vinterstid i den vakre vestlandsnaturen. DNT Ung laga kan sjå vinteren lyst i møte og med ynskje om kvit snø rundt om på toppane.
Styreleiar og dagleg leiar mottek sjekken frå Tore Dvergsdal på kr. 100 000.
Styreleiar og dagleg leiar mottek sjekken frå Tore Dvergsdal på kr. 100 000. Foto: Vigdis Flaten Kvamme
Representantar frå styret og utval var til stades under utdelinga i Sparebanken Vest sine lokale i Førde.
Representantar frå styret og utval var til stades under utdelinga i Sparebanken Vest sine lokale i Førde.

Klikk her for å skrive tekst.

Det skal bli kjekt å sjå mange unge ut på tur med utstyret vårt til vinteren.
Det skal bli kjekt å sjå mange unge ut på tur med utstyret vårt til vinteren.

Skrevet av Astrid Kalstveit 6. september 2018