Nytilsett prosjektleiar born og unge

Foto: Fredrik Skeie

Jette Bergfjord (28 år) er frå 15. oktober tilsett som ny prosjektleiar born og unge i ei 50% stilling ved turlagskontoret i Førde. Ho er oppvaksen i Bergen, men er busett i Sogndal og heretter nokre dagar i Førde. Prosjektleiaren vert til stades ved  kontoret to dagar ei veke og tre dagar i veka etter.

Jette har friluftslivutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og er i tillegg utdanna fysioterapeut. Ho har hatt arbeidsoppdrag fleire stader i fylket vårt og er for tida tilsett i 50% stilling som fagarbeidar i Kjørnes Barnehage, Sogndal.

Prosjektleiaren vil arbeide for å oppretta nye ung lag tilknytta lokallaga, utvida friluftstilbodet med fleire aktivitetar for born og unge og bidra til at ungdom blir kjent med tilboda til DNT.

Jette Bergfjord er glødande oppteken av at flest moglege unge skal få gode mestring- og naturopplevingar. Ho har god røynsle med å vere ute i naturen og likar seg på tur sommar og vinter. Jette Bergfjord har tidlegare arbeidd som leirleiar for ungdom med funksjonshemming og skrive bacheloroppgåve om DNT sitt tilbod "Klart det går" eit tilbod for dei funksjonshemma.

Stillinga er finansiert av Sogn og Fjordane Fylkeskommune og er ei eittårig 50% prosjektstilling i fyrste omgang.

Skrevet av Astrid Kalstveit 17. oktober 2018