Eivind Skjerven tildelt Sogn og Fjordane Turlag sitt heidersteikn

Foto: Astrid Kalstveit

Sogn og Fjordane Turlag (SFT) sitt heidersteikn er tildelt Eivind Skjerven på SFT si fellessamling i Oppstryn laurdag 20. oktober 2018. Eivind sitt bidrag til skiping av lokale turlag og fylkesforeininga SFT er eit historisk og omfattande virke i friluftsorganisasjonen vår. Eit tilbakeblikk i turlagshistoria syner eit viktig og stort engasjement for friluftslivet i fylket.

Eivind Skjerven var initiativtakar til etablering av Indre Nordfjord Turlag (INT) i 1977, og han var styreleiar dei første åra i lokallaget.

I 1978 starta han med dei første brekursa i Sogn og Fjordane i regi av lokale turlag. DNT sentralt hadde hatt brekurs i mellom anna Sogn og Fjordane i mange år før det.

I samband med skipinga av Midtre Nordfjord Turlag i 1978 var Eivind medhjelpar i oppstarten. Og Eivind Skjerven var i 1983 initiativtakar til, og den sentrale drivkrafta bak, skipinga av Sogn og Fjordane Turlag. Han var styreleiar dei seks før .ste åra og nestleiar i ytterlegare to år, fram til og med 1990.

Eivind sitt turlagsarbeid i 1980-åra
Eivind Skjerven var initiativtakar og drivkraft for å gje ut eit felles turprogram for SFT og lokallaga i Sogn og Fjordane. Det første programmet kom i 1984 og har seinare vorte utgitt kvart einaste år. Programmet inneheldt arrangement av nokre årlege turar i Sogn og Fjordane Turlag-regi. Målsetjinga var at medlemene skulle bli betre kjende i andre delar av fylket enn berre sitt eige heimeområde. Og Eivind var turleiar på ei rekkje turar både for INT og for SFT.

Skjerven var også drivkraft for å halde brekurs og breinstruktørkurs i Sogn og Fjordane Turlag sin regi og i samarbeid med Sogn og Fjordane idrettskrins. Eivind var sjølv utdanna og aktiv som instruktør på mange av brekursa, i samarbeid med Johan Støyva, som var sentral i DNT sitt arbeid med brekurs, breinstruktørkurs og turrutekurs. Johan var også forfattar av ein stor del av dei første versjonane av Breboka, og ein av dei aller fremste i landet på dette området.

Eivind Skjerven starta med naturvernarbeid i Sogn og Fjordane Turlag-regi. Ei sentral sak var planane om ei stor kraftutbygging i Stryn/Breheimen. Arbeidet med denne saka vart starta i Indre Nordfjord Turlag alt før Sogn og Fjordane Turlag var skipa. Det var i samarbeid med mellom anna Naturvernforbundet i fylket. Skjerven og SFT tok også del i arbeidet med etableringa av Jostedalsbreen nasjonalpark.

Eivind Skjerven var aktiv for å få SFT med i Norske Turistforeningers Forbund, som seinare vart erstatta av DNT Landsforeningen. Og han var initiativtakar og pådrivar for å få laga eit turkart over heile Jostedalsbreen. Kartet vart ferdig i 1989 og vart mønster for andre turkart, m.a. Ålfotbreen, Indre Sunnfjord med fleire.

Turlagsoppgåver frå 1990-talet og seinare
Eivind Skjerven har mellom anna vore aktiv som instruktør på brekurs og aktiv turleiar lokalt. Han var initiativtakar til start av kurs i stavgang og instruktør på slike kurs rundt om i fylket. Og i 2015 var han med på oppstart av seniorgruppe i INT.

Sogn og Fjordane Turlag er svært takksame for Eivind Skjerven sitt store engasjement og gode innsats for friluftslivet og skiping av fylkesforeininga for 35 år sidan.


Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 21. oktober 2018