Fellessamling i fagre Oppstryn

Deltakarar frå alle lokallaga tok del på fellessamlinga.
Deltakarar frå alle lokallaga tok del på fellessamlinga.

Lokallaga i SFT møttest denne helga på Hjelle hotell i Oppstryn til fagleg inspirasjonssamling. Svein Hjort- Olsen, Aust-Agder sin kystambassadør opna møte med å fortelje om korleis Aust-Agder Turistforeining har sikra ålmenta tilgang til attraktive fyr og kysthytter. I tett samarbeid med m.a. Kystverket er ei godt etablert «Kystled» med å utvikle friluftstilbod langs Agderskysten. Alle presentasjonar  finn du her.

Sti, rute og hytteplan for Sogn og Fjordane var Endre Kleiveland frå DNT sentralt sitt tema til fellesmøte. Ei viktig sak som engasjerte og som legg grunnlag for vidare planarbeid i SFT.

Med lokallagsrunden laurdag fekk vi alle presentert den omfattande turlagsaktiviteten  14 lokallag har utført i 2018. Stort engasjement og flott innsats for tur- og friluftsliv i fylket.

Sogn og Fjordane Turlag sin nye ungdomsmedarbeidar, Jette Bergfjord helste fellesmøte og inviterte lokallaga til tett samarbeid for ung- arbeidet.

Laurdag kveld fekk Sogn og Fjordane Turlag sin første styreleiar, Eivind Skjerven SFT sitt heidersteikn for sin store innsats og engasjement for naturvern, friluftsliv og stifting av Sogn og Fjordane Turlag i 1983.

Vi Takkar alle Eivind for mangeårig framifrå dugnadsarbeid for turlaget i fylket!

Styret i SFT takkar alle for eit godt fellesmøte 2018, Indre Nordfjord Turlag som vertslag og ynskjer alle lokallaga lukke til med turarbeidet i 2019.

Marino J. Ask

Styreleiar


Styreleiar i Aust Agder Svein Hjort-Olsen delte sine erfaringar med at Kystled gir utvikling.
Styreleiar i Aust Agder Svein Hjort-Olsen delte sine erfaringar med at Kystled gir utvikling. Foto: Astrid Kalstveit
Ny medarbeidar Jette Bergfjord og styremedlem Tor Arne Hauge ved Hjelle Hotell
Ny medarbeidar Jette Bergfjord og styremedlem Tor Arne Hauge ved Hjelle Hotell Foto: Silje Marita Vallestad
Eivind Skjerven mottok Sogn og Fjordane sitt heidersteikn frå styreleiar Marino J. Ask
Eivind Skjerven mottok Sogn og Fjordane sitt heidersteikn frå styreleiar Marino J. Ask Foto: Silje Marita Vallestad
Glomnessætra
Glomnessætra Foto: Silje Marita Vallestad
Hjelle i haustdrakt
Hjelle i haustdrakt Foto: Silje Marita Vallestad
Jette Bergfjord, ny ungmedarbeidar og Kristine Tonning, leiar Ungutval
Jette Bergfjord, ny ungmedarbeidar og Kristine Tonning, leiar Ungutval Foto: Astrid Kalstveit
Ron Overdevest og Irene Lunde.
Ron Overdevest og Irene Lunde. Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 22. oktober 2018