I naturen er alle velkomne

Inkludering og mangfald er stikkord for heile turfamilien i 2019. Nytt felles turprogram som snart er i postkassa di, har turar for alle og med ulik vanskegrad. Turlaget vil difor leggje til rette for at akkurat du skal kjenne deg velkomen ut i naturen. 

Me vil du skal kjenne turgleda, om det er i uteaktivitet for dei unge, innan fjellsport, eller på fellesturar. Difor vil turlaga vere med og senke terskelen og prøve å auke interessa for grupper som ikkje nyttar naturen så mykje i dag. Såleis kan me få endå fleire med ut og ta del i den gode tilrettelegginga som dugnadsfolka våre gjer i lokalmiljøet.

I programmet finn du ulike turkategoriar. Nokre få turar har fått utvida omtale, der turlaget sitt ynskje er god deltaking og inkludering. Uteaktivitetane elles i programmet byr på natur- og kulturopplevingar som gir variasjon, mangfald og spenning, heilt frå kysten og opp til den høgaste fjelltoppen.

Også eit spennande kursprogram er klart, og gjerne kan 2019 bli det året du prøver deg på ein ny aktivitet som klatring, randonee-ski eller kajakkpadling. Hjå turlaget kan du få grunnleggjande kunnskap innan desse og andre friluftsaktivitetar.

Det er ei glede å kunne dele naturoppleving med andre turinteresserte, og turlaget vil ha deg med på tur.

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Astrid Kalstveit 3. januar 2019