Alvar Melvær takka av i turlaget

Styreleiar Siv Merete Stadheim og leiar naturvernutvalet i Sogn og Fjordane Turlag takka av Alvar Melvær for svært godt nedlagt arbeid i fylkesforeininga.
Styreleiar Siv Merete Stadheim og leiar naturvernutvalet i Sogn og Fjordane Turlag takka av Alvar Melvær for svært godt nedlagt arbeid i fylkesforeininga. Foto: Astrid Kalstveit

Alvar Melvær vart på Sogn og Fjordane Turlag sitt styremøte 20 februar, takka av for sitt gode og omfattande dugnadsarbeid for fylkesforeininga. Styreleiar Siv Merete Stadheim overrekte gåve og diplom til Alvar og takka for god innsats i SFT, men også for god deltaking hjå lokallaget Flora Turlag. Leiar i naturvernutval, Ron Overdevest, hadde også ei takketale og haldt fram det store truverdet Alvar har i høve skrivne fråsegner naturvernsaker og hans gode vesen i møte med andre.

Alvar Melvær var styreleiar i SFT i perioden 1989-1992, men har hatt tillitsverv sidan 1985 (SFT skipa 1983) og fram til 2019.

Den største arbeidsinnsatsen har Melvær lagt ned i naturvernutvalet, og han har skrive utallige høyringsfråsegner, delteke på mange folkemøte og synfaringar, og kunnskapen til Alvar har blitt lytta til og respektert både hjå fagfolk og folk flest. Alvar Melvær har alltid hatt brennande natur- og turengasjement og hatt ei klår og tydeleg røyst i høve naturverdiane våre og rennande elvar.

Stor takk for det viktige og kunnskapsrike engasjementet ditt som du har lagt ned i vår foreining. Alvar Melvær vart i 2011 tildelt Sogn og Fjordane Turlag sitt heidersteikn, og han er såleis foreininga sitt heidersmedlem.

 

Diplom som vart tildelt syner alle tillitsverva Alvar har hatt i SFT opp gjennom åra.
Diplom som vart tildelt syner alle tillitsverva Alvar har hatt i SFT opp gjennom åra. Foto: Astrid Kalstveit
Foto: Astrid Kalstveit

Skrevet av Astrid Kalstveit 22. februar 2019