Ungdomsklatring i Førde

Ungdomsklatring i Førde
Ungdomsklatring i Førde Foto: Marius Dalseng Sætre

Lyst til å klatre saman med andre ungdomar? Sogn og Fjordane Turlag har fått midlar frå prosjektet "Ung i Sunnfjord" til å starte opp ungdomsklatring i Førde, for å bidra til ein samla identitet for ungdom i nye Sunnfjord Kommune. 

Sundag 5.mai, 19.mai, 26.mai og 2.juni vert det ungdomsklatring i Sandhallen på Vie frå kl. 19:00 til kl. 21:00. Ungdomsklatring er eit tilbod for ungdom mellom 13 og 26 år, og det er gratis å delta. Arrangementet er eit samarbeid mellom DNT Ung Sogn og Fjordane og Indre Sunnfjord Turlag. Om du ikkje har moglegheit for å delta før sumaren vert det arrangert ungdomsklatring også til hausten.

Påmelding

Av sikkerheitsgrunnar og kapasitet i veggen vil det vere påmelding med 1 til 12 plassar for kvar gong. Det vert ikkje mogleg å melde seg på for heile perioden. Årsaka til dette er at turlaget ynskjer at flest mogleg skal få sjansen til å delta. I staden må deltakarane melde seg på kvar gong, og påmeldinga opnar kvar måndag i same veke som ungdomsklatringa.

Må eg har erfaring for å delta?

For å klatre åleine under ungdomsklatringa treng ein Brattkort - dette er eit bevis på at ein har tilstrekkeleg med kunnskap om klatring på topptau og led innandørs. For dei som ikkje har erfaring med klatring og ikkje har brattkort vert det instruktørar til stades som kan sikre dei som ynskjer å prøve seg.

Treng eg eige klatreutstyr?

Om ein ikkje har klatreutstyr stiller DNT ung Indre Sunnfjord med alt naudsynt utstyr for å klatre: klatresele, taubrems, klatretau og klatresko.

Har du ikkje brattkort?

Turlaget arrangerer jamleg brattkortkurs for ungdom. Følg med på facebook: "DNT ung Sogn og Fjordane" eller "DNT ung Indre Sunnfjord", og på heimesida til fylkeslaget og Indre Sunnfjord Turlag.

Spørsmål? Ta kontakt med: Jette Bergfjord, prosjektleiar born og unge, Sogn og Fjordane Turlag. E-post: jette.bergfjord@dnt.no. Tlf: 41 64 91 99

Påmelding for ungdomsklatring

Ingen kommende aktiviteter.

Ledklatring i Sunnfjordhallen
Ledklatring i Sunnfjordhallen Foto: Marius Dalseg Sætre
Logo Sunnfjord Kommune
Logo Sunnfjord Kommune