Basecamp Vinter på Fivla

Påske på sitt beste
Påske på sitt beste Foto: Silje Marita Vallestad

Med ei vêrmelding som berre viste sol og atter sol i påska var det i år igjen klart for BaseCamp Vinter på Fivla!


Laurdag 13.april traska 5 ungdomar i alderen 15-17år og tre leirleiarar frå parkeringa i Vigdalen under ei knallblå og solfylt himmel. Målet var Fivlehyttene på 972 m.o.h. i Luster. Vel framme var det ein kort visit innom hytta før turen gjekk rett ut igjen i sola som var oppe heilt til kvart over åtte. Utandørs vart det greve både snøsofa og hopp, før det vart innekos og utfordringar i årets BaseCamp Challenge.

Graving av snøprofil
Graving av snøprofil Foto: Silje Marita Vallestad

Dagen etter skein dei fyrste strålane på Fivlehyttene 06.45. Det vart nok ein dag med blå himmel og sol, og endå betre skulle den bli når Jostein Aasen frå Norgesguidane kom på besøk for eit lite mini skredkurs. Grunnleggjande teori om kva som skal til for at det går snøskred, turplanlegging og varslingsapp som "Varsom RegObs" vart gjennomgått inne på hytta. Etterpå gjekk turen ut i det fine vêret i retning Vågsberget. Kameratsjekk med sendar/mottakar vart gjennomført før ungdomane kunne leggje i veg. Undervegs vart det fokus på ulike måtar å måle helning i terrenget og utløpssone av eit potensielt skred, samt ulike snøvariantar og teori om korleis leggje best mogleg rute. Etter lunsj vart det greve snøprofil og gjennomført ulike stabilitetstestar av snøen. På toppen av Vågsberget, i vindstilla, vart turfølget verande lenge, og gjennomførte øvingar med sendar/ mottakar. Etter speiding etter godsnø på veg opp og drøfting av kva for helningar snøen var bra i, fekk ungdomane mange fine linjer på veg ned til hyttene igjen.

Vel nede med hyttene vart det bål og pinnebrød i sofaen, med hoppunderhaldning. Det vart også gjennomført nokre nye utfordringar i Basecamp Challenge før turen gjekk inn for å nyte taco og spele kort. Nokre var også ivrig på å ta seg ein middagslur klokka 20.00, desse vakna ikkje igjen før morgonen etter.

Torgeir Holmslet hjelper ungdomane å finne god snø
Torgeir Holmslet hjelper ungdomane å finne god snø Foto: Silje Marita Vallestad

Ny dag, same blå himmel! Etter ei ny runde med havregraut fekk vi besøk av frikøyrerane Marie Sørum og Torgeir Holmslet. Målet i dag var ikkje toppen, men å øve på å sjå seg ut linjer, hoppe og finne godsnøen. Marie og Torgeir kom med fleire ulike tips i laupet av dagen og vi fann skavlar og steinar å hoppe ut frå. Alle prøvde seg på ulike hopp utfor skavlane, nokre med betre landingar enn andre. Også i dag fann vi etter gode vurderingar fram til riktige helningar med godsnø for fine linjer.

Tilbake ved hyttene vart det steikt lappar inne som fekk bein å gå på ute i snøsofaen. Ein dose vitamininnsprøytning av eple og appelsiner vart det og. Nye BaseCamp Challenge utfordringar sto for tur i løpet av kvelden, og beskjed om at påskeharen var teken i skred. Då vart det berre for ungdomane å fare på påskeeggjakt med sendar/ mottakar.

The sky is the limit
The sky is the limit Foto: Silje Marita Vallestad
Påskestemning og påskegodt!
Påskestemning og påskegodt! Foto: Silje Marita Vallestad

Siste dag, og framleis sol frå ein skyfri himmel. Solkremfaktoren er høg og det byrjar dukke opp brilleskille både her og der. Vask av hytta og pakking sto på agendaen før startskuddet for dagens turmål til Fivlenosi. Kjentmann frå Luster Turlag, Melchior Kalhagen, tok gjengen til topps der ein kunne skue utover Hurrungane og Jotunheimen, samt til Jostedalen sine fine toppar; Hest, Vangsen og den mektigaste av dei alle; Jostedalsbreen. Turen gjekk deretter ned igjen heile vegen til parkeringa i Vigdalen, mobildekning og sivilisasjon.

Sol, ski og på veg mot toppen
Sol, ski og på veg mot toppen Foto: Silje Marita Vallestad