BaseCamp Sommar på Tungestølen

Fottur inn til Austerdalsbreen
Fottur inn til Austerdalsbreen Foto: Anette Bjune Granli

For 11.gang vart BaseCamp Sommar på Tungestølen arrangert av Sogn og Fjordane Turlag, og aldri har det vore så mange deltakarar. Heile 37 ungdomar mellom 13 og 16 år frå heile fylket ynskte prøve seg på mellom anna brevandring, kajakk og klatring i løpet av ei lita veka. Leirleiarane denne sumaren var Torjus Birkrem, Håvard Grøteide, Ingvild Frækaland Austad og Anette Bjune Granli.

Måndag 24.juni

I år gjorde me ein liten vri, og då deltakarane dukka opp ein etter ein utover ettermiddagen fekk dei vere med på å setje opp lavvoane. Ein er ikkje fullt friluftslivsutlært før ein kan setje opp ein lavvo! Me fekk god hjelp og vipps så var alle sju lavvoane oppe og 37 spente ungdomar klare for ei lita veke på BaseCamp.

Leiar for Luster Turlag, Ole Schanke Eikum, ynskte velkomen i den store lavvoen og fortalde litt om Veitastrondi, korleis det har vore å leve her, og om friluftsmoglegheitane i området. Etter kvart vart det på tide med grilling av hamburgarar og pølser til 42 svoltne deltakarar og leirleiarar. Heldigvis fekk me god hjelp av ungdomane som hadde ansvaret for middag denne dagen. Sjølv om regnet som skulle kome tysdagen allereie meldte sin åtkomst satte ikkje dette ein stoppar for uteaktivitetane, og det vart spelt både fotball, volleyball og frisbee. Utpå kvelden vart det bli-kjend-aktivitetar og eit obligatorisk kveldsmøte før me alle stupte i soveposane.

Tysdag 25.juni

Det var ein blid og spent gjeng som møtte til frukost i øsande regn tysdag morgon. I nitida la me i veg innover Langedalen. På vegen konkurrerte teltlaga mot kvarandre i diverse konkurransar som utfordra samarbeids- og problemløysningsevna. Det var stor kniving om å byggje det høgaste steintårnet, og om å lage det mest oppfinnsame lagropet! Etter ein god lunsj i opphaldsvêr, måtte deltakarane innom seks quizpostar på veg attende til camp. Her vart kunnskap om friluftsliv testa. Det samanlagde resultatet var jamt og alle var spente på kven som vann. Dette skulle avgjerast på kveldssamling. Når dei våte kleda vart hengt til tørk gjekk me i gang med middagen, til alle si store glede sto det taco på menyen. Utover kvelden letta vêret og det vart mykje aktivitet i form av frisbee, kubb og andre leikar. På kveldsmøtet vart gruppa som vann premiert og nokon gode nyheiter formidla. Vêrmeldinga hadde snudd og i morgon skulle sola titte fram. Etter kveldsmøtet kunne roen senke seg etter ein lang og aktiv dag.

Onsdag 26. juni

Onsdag vakna leirdeltakarane til fint vêr, og stemninga vart fort veldig god. For mange vart det ein kort frukost, då me hadde store planar for dagen. Halve gruppa tok fjellskoa fram og fylte sekken med stegjern og isøks før dei la i veg mot Austerdalsbreen. Breførar Pål leia innmarsjen til breen i eit godt tempo. Etter eit par timar kom me fram til bretunga kor alt utstyret vart tatt i bruk. Alle deltakarane vart fordelt i to taulag som vart leia av ein breførar. Me bevega oss innover mot brefallet og forserte både bresprekkar og nokre bratte parti. Dette var ein spennande og ny oppleving for mange. Etter to timar på brevandring kunne me leggje igjen utstyret i dalen og setje kursen attende til campen. Turgjengen var spente på å høyre kva den andre halvdelen av gruppa hadde gjort denne dagen.

Vel attende i camp venta resten av leirdeltakarane som allereie var ferdige med aktivitetane for dagen. Det vart servert frukt og alle fekk prate saman om kva dei hadde opplevd. Dei hadde hatt ein spennande og våt dag, med både klatring og kajakkpadling. Desse aktivitetane skulle turgjengen få prøve på dagen dei hadde i vente. Etter eit lite pusterom satt middagsgjengen i gang med matlaging; ei stor gryte med chilli con carne sto på menyen, og det vart mykje kutting av grønsaker og steiking av kjøttdeig på bål.

Torsdag 27. juni

Torsdag bytte gruppene aktivitetar, og det var klatring og padling som sto på programmet for gjengen som hadde vore på brevandring dagen før. I klatrefeltet som ligg rett ved leiren fekk leirdeltakarane prøve seg på å rappellere ned veggen og klatre nokon lette og nokon meir utfordrande rutar. Konkurranseinstinktet kicka inn og det vart fort konkurranse om å få raskast tid opp den lettaste ruta.

Etter nokre timar i veggen tok me lunsj i leiren. Alle hadde noko å fortelje om sine opplevingar i klatrefeltet og det virka som alle hadde fått ein passeleg utfordring til eige nivå. Etter lunsj tok me turen ned til Veitastrandvatnet for litt aktivitet i kajakk. Kajakkinstruktørane gjennomgjekk grunnleggjande padleferdigheitar før me la ut på ein liten padletur. Leirdeltakarane fekk også testa kajakken sin stabilitet ved å gjennomføre ulike øvingar som å lage flåte, stå i kajakken og så vidare. Alle fekk seg ein tur ut i det iskalde brevatnet og heldigvis hadde alle fått låne våtdrakt.

Attende i camp var det klar for laksemiddag som Håvard og Anette saman med dei middagsansvarlege gruppene hadde stelt i stand. Det vart ein vellykka og god middag på bål! Mogleg den beste middagen gjennom heile veka?!

Anette satte i gang ein felles leik med alle leirdeltakarane; stratego: Denne leiken kravde at ungdomane samarbeida godt og tenkte strategisk. Resten av kvelden vart fylt med hyggelege samtalar og kakao rundt bålet. Denne kvelden gjekk leirleiarane også med på at det var greitt å vere vakne til 23.30, altså 30minutt lengre enn elles. For nokon vart det nok også ein god stund lengre?!

Fredag 28.juni

Fredag vart ein pakke- og ryddedag, men alle hjalp til og me var lynraske! Dermed vart det tid til litt leik og moro denne dagen også. Etter kvart var alle henta og me måtte sei farvel til ein kjempe fin gjeng og takke for ei flott veke saman. Ungdomane har vore veldig tolmodige, og dei har vore veldig fine å få vere saman med og vorte kjend med!

Takk for ei flott veke!

Helsing leirleiarane