BaseCamp Tungestølen

Foto: Håvard Sandal Høyvik

I år som i fjor arrangerte DNT Ung Sogn og Fjordane BaseCamp for dei mellom 13-16 år på Tungestølen. Etter den snørike vinteren i år var det spenning knyttet til om vi fekk gjennomført leiren inne på Tungestølen eller ikkje. Underteknede tok turen opp fredag 19. juni for å begynne rigging, men då var det ikkje veg heilt inn. Med god hjelp frå lokale frå Veitastrond ble vegen brøyta, men laurdagen lå det framleis gode 30cm med snø på heile området. Dette var heldigvis ikkje noko problem for med godt vêr og litt vind vart området snøfritt innen deltakarane kom opp måndag 22. juni

Foto: Håvard Sandal Høyvik

Tysdagen hadde vi tur på programmet og dagens mål var Snauedalen og og Supphelleskaret. Vi hadde ein litt kjølig start på turen, men så fort sola dukka fram mellom fjella var det berre å kaste ullen og på med shorts og t-skjorte. Vi hadde her litt utfordring med snøen, men med gode turleiarar i front fant vi vegen over og rundt dei snøbruene som var. Ved Vårstølen tok vi lunch for så å dele oss opp. Nokon vil gjerne tilbake mot leiren samt ta seg et bad undervegs mens dei andre gjerne ville gjere eit forsøk på Snauedalen. Vi kom omtrent halvvegs inn i Snauedalen før vi møtte snu då snøforholdene vart for krevjande. 

Foto: Håvard Sandal Høyvik

Onsdagen og torsdagen delte vi gruppa i to og lot dei få orøve seg på ulike aktivitetar. Eine gruppa fekk prøve seg på klatring og padling på Veitastrondsvatnet mens den andre gruppa i utgangspunktet skulle ha vore på Austerdalsbreen. Her satte igjen snøen ein stopper då det var så mykje at ein ikkje kom seg ned på blåisen. I stede fekk dei prøve seg på å gå i taulag, simulere fall samt sikker nedfart i snøfonner. Her var det Gaute Dvergsdal Bøyum som hadde ansvaret og til tross for at det ikkje vart brevandring var deltakarane godt fornøgd for det. Vi hadde å med to klatreinstruktørar, Asle Veien og Irene Befring, som hadde ansvaret for dei som tok seg både opp og ned i eit boltra klatrefelt.

Foto: Håvard Sandal Høyvik

På ettermiddagen og kvelden var det først felles middag, tilberedt av deltakarane, før det var bålkos, leik, frisbee-kasting, kakao samt marshmallows siste kvelden. Vi hadde mykje godt vêr, men fekk å litt ruskevêr torsdagen. Dette var ei kjempefin uke der deltakarane fekk prøvd seg på ulike aktivitetar, knytte nye bekjentskap samt gjere seg nokon erfaringar med korleis vëret i fjellet kan skifte fort

Årets leiare
Årets leiare Foto: Espen Bruun
BaseCamp er et arrangement der du får testet ut mange ulike og spennende aktiviteter på ei lita uke. Med utgangspunkt i et fast leirsted, kan du prøve alt fra klatring, havkajakk og bretur til fotturer, teltliv og koselige kvelder rundt bålet

Skrevet av Espen Bruun 28. juli 2015